Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Morten Bjerga med ny roman; "Dødevegen"

    Morten Bjerga fekk flotte meldingar for si førre roman Lars O. Bru og havet(2017). No er han aktuell med Dødevegen, ein roman om ein mann har mista kona si og prøver å sleppe unna sorga med å vandre langs havet til Santiago de Compostela. Han går, set den eine foten framfor den andre og blir undrande fanga av vegen, av skogen han går gjennom, og av menneska han møter.
    To år seinare sit han i

  • Kva er vi villige til å gjere med ord?

    Gjennom essay og forteljingar i poetisk form spør Thalia Field kva vi er villige til å gjere med ord. Ho utforskar historieforteljing som verkemiddel og eksperimenterer med litterære sjangrar. Sentralt for Field står spørsmålet om korleis vi bygger opp forteljingar, og kva forteljingane gjer med oss som fortel dei. I Fugleelskarar, bakgard skriv ho skarpt og med eit oversyn som dekker så vel biolo

  • Mats Eldøen og Sindre Goksøyr med sprelsk faktabok for barn

    Sprelsk faktabok for barn
    Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon. I Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar. Gjennom absurde og morosame teikningar og fan

  • Terje Torkildsen ute med ny ungdomsroman

    Kan det vere livsfarleg å bli forelska?
    Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis.
    Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si

  • Utanlandssuksess for norsk bok om mørket

    Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse slår stort an i utlandet. Agenturet til Sandberg, Winje Agency melder at boka er selt til Tyskland, Nederland, Polen og Italia. Fleire land og språk står for tur. 
    I boka skriv Sandberg om mørket som er like viktig som det naturlege lyset, for oss menneske, dyr og alt som lever.
    Meir om boka: Vinteren i Noreg er lang og svart

  • Ny bok; "Stress og korleis leve med det"

    I den nye boka Stress og korleis leve med det undersøker journalist og forfattar Anne Gunn Halvorsen kvifor  vi er så stressa, og kva kan vi gjere med det.
    Stressfest/lanseringsfest 3.4. kl 18 på Bortenfor, Brenneriveien 7.
    Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det (2017), har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor

  • Napoliforfattar Wanda Marasco aktuell på norsk med "Kompaniet av dikta sjeler"

    Den italienske, kritikarroste forfattaren Wanda Marasco er aktuell på norsk med romanen Kompaniet av dikta sjeler,  omsett av Ferrante-omsetjar Kristin Sørsdal.
    Wanda Marasco kjem til Bergen og Oslo til lanseringa i perioden 27.-29.3.
    Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett

  • Marianne Gretteberg Engedal debuterer med "Pølsetjuven"

    Hjartevarm biletbok om å finne sin plass i verda
    Eg kan ikkje vere med, sa Kjell.
    Tull, du har ikkje feber, sa mor.
    Men eg har vondt i magen.
    Du er berre spent!
    Eg vil ikkje stele frå Pølse-Per, han er venen min!
    Ein sann tjuv må kunne stele frå kven som helst!
    Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Ein dag må han stele frå vennen sin, Pø

  • Ny utgåve av Syn og Segn

    Frå målarkunst til måtehald
    I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med kunstnar Håkon Gullvåg, tekstar om overkvalifisering, Jemen, klimaverstingar, folkekyrkja og amerikanorsk. Og mykje meir. 
    BYMANNEN: Hyttekultur dreier seg om meir enn dyre hytter og statusjag. Det dreier seg om noko som stikk endå djupare: om tilknyting, om å høyre til. Felles for mange av dei som får se

  • Jon Fosse har gjendikta Georg Trakl

    Jon Fosse har gjendikta den austerriske lyrikaren Georg Trakls hovudverk Sebastian i draum. Trakl er rekna som ein av dei viktigaste tyskspråklege poetane og som den meste sentrale i den tyske ekspresjonismen.
    Trakl blei berre 27 år, og den litterære produksjonen omfattar berre to diktsamlingar, Gedichte frå 1913 og hovudverket Sebastian im Traum frå 1915, i tillegg til nokre einskilddikt. Forf

  • Ny novellesamling frå Oskar Stein Bjørlykke

    Oskar Stein Bjørlykkes nye bok Blikket består av seksten korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar av livet. Om lengten etter det som var, det som kunne ha blitt, etter det som gir meining og glede. Om meistringa ved å lære seg å sykla, kjensla av å bli sett, enkle gleder som smaken av jordbær, og gripande opplevingar som å finna eller mista kjærleik.
    det som vart gitt meg

  • Hjartet er ingen logrande hund

    Laura Djupvik er aktuell med romanen Hjartet er ingen logrande hund. Hovudpersonen i boka reiser heim til barndomsheimen for å pleie si dødssjuke mor. Ho kjenner på skamma over å ikkje ha klart å skape sitt eige liv. I møtet med sjukdom og død oppstår spørsmålet om kven ho er og vil vere. Kan ho konfrontere den religiøse faren? Kan ho frigjere seg frå fortida og igjen komme nær mannen ho elskar?

Vis mer