Ungdomsbok om ADHD, forelsking og vennskap
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterer med ei ungdomsbok om ei jente med ADHD.
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterer med ei ungdomsbok om ei jente med ADHD.
Maren Uthaug er aktuell med romanen Der det finst fuglar. Boka er eit utradisjonelt slektsdrama frå Trøndelagskysten i mellomkrigstida. I boka fortel dansk-norske Maren Uthaug, som har basert forteljinga på historier om si eiga slekt ho sjølv høyrde i barndommen, om kva isolasjon, sterke drifter, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.
For å redde mor si må Johan gifte seg med M
Agnes Ravatn er nominert til Rivertonprisen for romanen Dei sju dørene som kom ut i september 2019. . Boka fekk svært gode meldingar og låg på bestseljarlista i fleire veker.
Meir om Dei sju dørene: Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyni
Hilde Myklebust har skrive ei poetisk og dramatisk forteljing om møtet mellom ei jente og den ville naturen. Boka er illustrert av Akin Duzakin.
Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Man Booker-prisen for første band i Septologien, Det andre namnet som kom ut i fjor haust. Prisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk i fjor. Vinnaren vert kåra 19.5. Prisen er på 60 000 pund. Tidlegare har berre ein annan norsk forfattar vore nominert til denne pris
"Ser du dette?" handlar om eit nakenbilde som blir spreidd på nettet. Om å gi hjartet sitt til ein som tråkkar det i tusen knas. Om å vere 15 år og tore å stole på nokon igjen.
Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga Eg lærer mor mi å føde i 2011 – også superstjerna Beyonce, som siterer Shire på albumet Lemonade frå 2016. 28.2. lanserer Samlaget diktsamlinga på norsk. Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet. Dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar
28.2. lanserer Samlaget Claudia Rankines dramastykke Det kvite kortet. Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine sitt nye stykke.Ekteparet Virginia og Charles, to kvite
Jubilant Tor Arve Røssland er aktuell med Absolutt Pode, ei samleutgåve med dei 4 Pode-bøkene.
Marit O. Kaldhol er aktuell med boka Ta først på di eiga maske. Romanen er ei forteljing om nære relasjonar – om kjærleik mellom unge menneske og om relasjonen mellom mor og dotter. Samstundes har boka eit utoverretta blikk mot politikk og samfunn, særleg mot Chile.
Romanen følger Rut på ei reise til Chile i 2017. Ho er på leit etter fortida. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjæ
21.2. lanserer Samlaget Ellen Kristviks Notat ved avgrunnen. Ei mors forteljing. Boka tek utgangspunkt i ei personleg hending: Kristvik opplevde å mista sitt einaste barn då dottera tok livet sitt.
I Notat ved avgrunnen blir vi kjende med Kristviks dotter Johanna som barn og ung. Lesaren får glimt inn i livet hennar til ulike tider. Kristvik vekslar mellom sorguttrykk, retrospektive glimt f
10.2. lanserer Samlaget Eit år med Elena Ferrante. Boka er ei samling av artiklar frå Elena Ferrante, og gir oss innsikt i tankane til ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid. Ho skreiv tekstane til ei fast helgespalte i The Guardian gjennom eit år.
Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i; om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantev