Pressemelding —
Anders Totland ute med to nye bøker i Katatstrofedagbøkene-serien
Anders Totland er aktuell med to nye bøker i den fartsfylte Katastrofedagbøkene-serien. Flukta frå dustefamilien og Samson snakkar sant er bok 3 og 4 i den allereie svært populære serien for barn.
I Flukta frå dustefamilien ventar Samson spent på at søskenbarnet Storm endeleg skal kome på besøk. Men når han først kjem blir ingenting slik Samson hadde tenkt. Kvifor vil ikkje Storm leike med han lenger? Dei som tidlegare har vore så gode vener, og no vil Storm berre henge med Kim og Vilde? Heile helga blir berre dum og Samson endar til slutt med å gjere noko med det sjølv. Det blir heilt katastrofe!
Ting har ein tendens til å gå skeiss for Samson. I Samson snakkar sant hamnar Samson på tynn is når han ein dag bestemmer seg for å aldri lyge igjen Alt han seier skal vere sant. Men det som først verkar som ein god idé, viser seg raskt å føre til mykje trøbbel. Fjerde bok i serien er like kaotisk og humoristisk som dei andre bøkene, men i denne kan du att på til møte på ei pungrotte eller to!
Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følgjer ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Bøkene er illustrert av fabelaktige Bård Sletvold Torkildsen.
Anders Totland (f. 1986) er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen.
Bård Sletvold Torkildsen (f. 1990) er illustratør og designar. Han har tidlegare gitt ut boka Herman saman med Erlend Loe og Herman Flesvig og Korpset som tok til høyre i stedet for venstre saman med Fridtjof Josefsen. I 2024 illustrerte han bildeboka Grisungen med den rette halen, skriven av Hilde Myklebust.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.