Gå videre til innhold

Pressemelding —

Halvor Folgerø klar med boka "Trolltunga. Eit vilt stykke norgeshistorie"

Trolltunga har blitt ein Instagram-hit på nokre få år. Folk frå heile verda strøymer til Hardanger for å gå den ti timar lange turen. Journalist og forfattar Halvor Folgerø undersøker kva som skjer når nærmare 100 000 menneske har same turmål. Boka om Trolltunga blir lansert 16.10.

Det er også historia om knallhardt arbeid i barsk natur og tørrlagde fossefall. Området rundt Trolltunga gjekk gjennom ei ekstrem forvandling like etter 1900, og kraftutbygging og industri jaga vekk turistane.

No er ringen slutta i Odda. Turistane kjem i flokk og følgje, slik dei gjorde på 1800-talet. Kva gjer den nye turismen med det gamle industrisamfunnet og med naturen i området?

Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, bur i Bergen og har jobba i NRK i ei årrekkje. Dei seinare åra har han hatt eit stort gjennombrot som forfattar med levande skildringar frå vestlandet i bøkene; Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022, og Ferjefolket frå 2024.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1) (7).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.66 MB
    Last ned
  • HF_3600px_036.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3600 x 2401, 3.45 MB
    Last ned
  • 9788234015748 TROLLTUNGA.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2429 x 3013, 5.04 MB
    Last ned