Pressemelding —
Hopp i havet! er nominert til Brageprisen
Vi gratulerer Trude Tjensvold med nominasjon til Brageprisen 2026 for Hopp i havet!
26. november går Brageprisutdelinga av stabelen og Hopp i havet! av Trude Tjensvold er ein av dei nominerte i kategorien sakprosa for barn og unge.
Dette er grunngjevinga frå juryen:
Hopp i havet! Om livet under overflata av Trude Tjensvold er ei skikkeleg opplevingsferd gjennom havet.
I første del blar vi oss djupare og djupare ned i havet og får møte mange av dei ulike artane som lever der. Deretter snur vi boka og blar oss opp att gjennom havet sine landskap. Dette er engasjerande og leiken fagformidling, som vekker både undring og lærelyst.
Meir om boka:
Ei av Samlaget sine finaste bøker denne hausten er Trude Tjensvolds faktabok for barn om livet i havet. Kva er det eigentleg som finst under havoverflata? Kva skapningar lever på havbotnen, og kor djupt kan det eigentleg bli? I Hopp i havet! tek Trude Tjensvold lesaren med på ein tur djupt under overflata, blant fisk, korallrev, blekksprutar og andre skapningar. Her kan ein oppdage alt frå spøkelsesfiskar, gigantiske kvalar og undersjøiske vulkanutbrot til skipsvrak fulle av skattar og gravplassar for romfartøy.
Opplysande tekstpassasjar og rike illustrasjonar gjer Hopp i havet! til ei undring over alt det rare og ukjende i hava våre. På originalt vis inviterer Trude Tjensvold lesaren med på eit djupdykk blant dei mangfaldige livsformene i verdshava. Frå Svalbard til Australia vert vi introduserte for skapningar og ting under havoverflata som ein knapt hadde trudd fanst!
Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo (2022) for ungdom. I 2023 kom faktaboka Vi roper i skogen, og i 2025 gav ho ut sin første roman Misty åleine, som vart nominert til Kulturdepartementets skjønnlitteraturpris for barn og unge.
Forfattarportrett: Kristin Aafløy Opdan
Relaterte lenker
Emner
Kategorier
Samlaget gir ut skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og fakta, og faglitteratur for studentar i høgare utdanning.