Pressemelding —
Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande serie for barn av Anders Totland
Anders Totland er aktuell med heile fire bøker i ei ny serie for barn frå 6 år. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei nyaste lesarane.
I Hamstertrøbbel går alt gale då storesøstera til Samson får ein søt, liten hamster til bursdagen sin. Han kan vel ikkje halde seg unna nusselege Svein Arild sjølv om han har fått streng beskjed om å halde seg unna? Det blir bossbiljakt og ein improvisert gravferd. I Skandale i skitrekket skal klassen på skitur, og det blir ein dårleg start for Samson når han har ein ostepoprelatert ulykke som går hardt ut over bestevenninna Alva. Det blir ikkje noko betre når dei kjem seg ut i skibakken og det viser seg at Samson slettes ikkje har så god kontroll som han har trudd. Kan Samson overleva den svarte løypa og det enorme hoppet nedst i bakken? Og endå viktigare: Kan han redda vennskapet med Alva? I Flukta frå Dustefamilien blir alt feil når søskenbarnet til Samson, Storm, blir med på hyttetur. Men Storm vil ikkje leike med Samson, han vil heller henge med jentene. Det gjev ikkje meining! Til slutt bestemmer Samson seg for å gjera noko med det sjølv, akkurat medan det held på å blåsa opp til snøstorm. I Samson snakkar sant får Samson vite kva som skjer når folk lyg, og han bestemmer seg for aldri å lyge igjen. Men det som først verkar som ein god ide, viser seg raskt å føra til mykje trøbbel. Det blir heilt katastrofe!
Bøkene er illustrerte av Bård Sletvold Torkildsen.
Dei to første bøkene kjem i august, og resten kjem i september. Bøkene er basert på den populære lydserien med same namn. Lanseringa av Katastrofedagbøkene kjem samstundes med ein pågåande debatt om mangelen på nynorsk serielitteratur for barn og forfattar og forlag vonar serien kan bidra til leselyst for unge lesarar. Bøkene finst og på lyd, lesne av skodespelar Frank Kjosås.
Anders Totland (f.1986) er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan debuten i 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar og er ein av landets mest aktive og allsidige forfattarar.
Bård Sletvold Torkildsen (f.1990) er illustratør og designar. Han har illustrert ein rekkje bestseljande bøker.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.