Pressemelding —
Knut Ivar Bjørlykhaug debuterer med lyrikksamling om dei store vala; er det rett å få barn slik verda no utviklar seg?
Dikta i Knut Ivar Bjørlykhaugs debutbok handlar om dei store vala, om ambivalens i ei mørk verd, men like mykje om å skape håp for framtida. Dette er ei bok på villspor. Og eit mangfald av stemmer spør: er det rett å få barn, slik verda no utviklar seg?
Minna om barndommens trygge og utrygge rom er sterkt til stades i tankane eget gjer seg om å setje eit barn til verda. Dikta er tett på naturens grunnvilkår, på død og nytt liv, og utforskar kva føresetnader og ansvar ein har i ei verd der krig og naturtap breier om seg. Relasjonar ein ikkje trudde var viktige, blir viktigare enn nokon gong.
Knut Ivar Bjørlykhaug (f. 1987) er frå Sunnmøre og bur på Nesoddtangen. Han er sosialarbeidar, lærar og forskar. Barnet, elden, vatnet er den første skjønnlitterære utgivinga hans.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.