Gå videre til innhold
Lansering av boka "Den store norske siderguiden» med oversikt over sider frå heile landet

Pressemelding -

Lansering av boka "Den store norske siderguiden» med oversikt over sider frå heile landet

Den store norske siderguiden av Thomas Digervold er den første boka som gir deg ei innføring i polets breie utval av sidarar frå heile landet.

Noreg er eit av dei mest spennande siderlanda i verda akkurat no. Digervold har smakt seg gjennom kassevis med sprudlande eplevin for å hjelpe deg å finne dei beste polkjøpa frå norske fruktgardar. Du lærer også korleis du luktar og smakar, og får ein lettlesen snarveg til kjenneteikn på ulike eple, siderkategoriar og siderregionane frå aust til vest. Digervold gir deg dessutan ei grundig innføring i kva for sidertypar som høver til ulike råvarer. Som avslutning serverer han eit knippe eksklusive oppskrifter på mat og drinkar der sideren er sjølve stjerna.

Med denne boka får du ein av Noregs fremste siderkjennarar på heimebesøk. Når du har lese ferdig, har han lært deg korleis du kan bruke kortreiste bobler av internasjonal kvalitet til alt frå fredagstaco og reker, til velkomstdrink og som følgje til fleirretters bryllaupsmiddag. Ja, og kva for sider som eignar seg om du vil drikke litt større mengder, og som du kan vinne heile festen med!

Thomas Digervold (f. 1984) har jobba med drikke i meir enn femten år og er sidersommelier og ølsommelier. Han driv selskapet «Fest i kjeften» og er mykje nytta som fagdommar i mat- og drikketevlingar, skriv for magasin og arrangerer sidersmakingar. Han har også vore programleiar for Matkanalen. Digervold brenn for å vise fram norsk drikke på ein folkeleg måte.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO