Pressemelding —
Martin Baldysz klar med bok to i historisk krimserie; "På stedet hvil"
No kjem andre bok i Martin Baldysz kritikarroste Ryer-serie; På stedet hvil. Dette er ein historisk krimserie der søskenparet Ryer løyser krimgåter på Sunnmøre.
Då kaptein Gausereide blir funnen død på Stormoen eksersisplass, sender major Tandrum telegram direkte til overkonstabel Johan Ryer. Majoren ønskjer ikkje merksemd om saka no rett før storøvinga. Johan ser dette som ei gyllen moglegheit til å teste ut den nye fingeravtrykksmetoden og har trua på ei rask og vitskapleg oppklaring.
Med systera Sonja ved si side reiser han frå Ålesund, men det viser seg at kvinner ikkje er velkomne i leiren. Dermed må ho etterforske på eiga hand i bygda. Brått blir mordsaka vikla inn i ei anna skakande hending som dreg Sonja ned i hennar mørke, løyndomsfulle fortid.
.
Dette er eit klassisk mysterium lagt til 1903, ei tid prega av store endringar, der unionen med Sverige knakar i samanføyingane. Sterke kjensler og meiningar brytst, og lojalitet blir sett på prøve både i og utanfor leiren.
Frå meldingar av første bok i Ryer-serien, Stille grender:
Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013 og har gitt ut romanane Vardane (2022) og Fallgard (2024). Han har også gitt ut serien Brenninger under pseudonymet Karen Støylen.
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.