Pressemelding —
Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug
Øyehaug får prisen på 50 000,- for heile forfattarskapen sin, og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.
Frå juryen grunngjeving "Øyehaug får prisen for sitt omfattande forfattarskap, og hennar viktige bidrag i ulike litterære sjangrar som ho tøyer og eksperimenterer med. Øyehaug fører eit solid og utforskande nynorsk, med utfordrande og absurde litterære framstillingar."
Gunnhild Øyehaug (f. 1975) vaks opp i Ørsta og bur no i Bergen. Ho debuterte med diktsamlinga «Slaven av blåbæret» i 1998, mens den første romanen «Vente, blinke» kom i 2008 og inspirerte 2015-filmen «Kvinner i for store herreskjorter».
I 2026 er ho aktuell med boka «Elskarane mine» på Kolon forlag.
Øyehaug er Årets festspeldiktar i Bergen 2026 og har blant anna fått Aschehougprisen (2026) Amalie Skram-prisen (2025), Nynorsk litteraturpris (2024 og 2008), O. Henry Prize for Short Fiction (2022), Prins Eugens Kulturpris (2010), Sultprisen og Doblougprisen (2009), Tanums kvinnestipend (2007) og Bjørnsonstipendet (2006).
Programmet for dagseminar om Øyehaug i Fjaler 25.9.: https://jakobsande.no/kva-skje...
Samlagsprisen er ein årleg pris som går til ein forfattar som skriv nynorsk, uavhengig av forlag. Prisen vekslar annakvart år mellom å gå til ein forfattar som skriv sakprosa og ein som skriv skjønnlitteratur. Prisen er på kr 50 000. Juryen: Gunnstein Akselberg, Ingvild Bræin og Erling A. Westgaard Flote.
Heile grunngjevinga ligg ved.
Forfattarportrett: Kolon forlag/Helge Skodvin
Emner
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.