Gå videre til innhold
Mann med gul lue sammen med hvitpelset hund og fem illustrerte lydbokomslag.

Pressemelding —

Thoralf Fagertun kjem med ny lydserie for barn stappfull av action og slimete romvesen!

I fjor sommar arrangerte Samlaget ein skrivekonkurranse i samarbeid med Fabel. Dei var på jakt etter kandidatar til sine nye lydsatsingar, og no er vinnarbidraget endeleg klart!

158 forfattarar kjempa om å bli Samlaget og Fabel sin ny lydserieforfattar i fjor. Barnebokforfattar Thoralf Fagertun enda til slutt opp med å ta førstepremien i konkurransen. No er han aktuell med ein actionfylt lydserie for barn, Gode råd for å redde romvesen.

For ei veke sidan hadde Theo aldri høyrt om planeten Nox. Men det var før kompisen Bompi fekk uventa besøk. No må Theo rømme frå blodtørstige romvesen og samtidig redde skapningane på Nox frå grådige gruvefolk. Men med hjelp frå robothunden Kim kan det vel ikkje gå gale?

Gode råd for å redde romvesen er ein fartsfylt og fargerik spenningsserie for barn mellom 9 og 12 år. Serien er delt opp i fem episodar stappfulle av action, humor, bedøvingspistolar og glupske romvesen.

Thoralf Fagertun (f. 1980)
kjem frå Meløy i Nordland og debuterte i 2022 med den morosame barneromanen Familien Gnork, som han mellom anna vart nominert til debutantprisen Trollkrittet for. I 2024 gav han ut barneboka Kobbs hus. Fagertun er utdanna litteraturvitar, jobbar med litteraturformidling og har gått forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt. I 2025 vann han Samlaget og Fabel sin skrivekonkurranse for lyd og fekk 100 000 kroner i skrivestipend og ein utviklingsavtale for bidraget sitt.



Relaterte lenker

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Thoralf Fagertun
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4333 x 6500, 11.5 MB
    Last ned
  • Gode råd for å redde romvesen episode 1
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Opphavsrett:
    Henriette T. Osnes
    Størrelse:
    2500 x 2500, 2.95 MB
    Last ned
  • Gode råd for å redde fomvesen av Thoralf Fagertun
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.5 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Thoralf Fagertun er vinnar av Fabel og Samlaget si skrivekonkurranse.


    Thoralf Fagertun er vinnar av Fabel og Samlaget si skrivekonkurranse. Laura Djupvik og Marta Huglem Revheim med sterke bidrag på andre og tredjeplass

    158 forfattarar kjempa om å bli Samlaget og Fabel sin neste lydserieforfattar. No er vinnaren kåra: Thoralf Fagertun frå Meløy i Nordland.

    Våren 2025 utlyste Samlaget og Fabel ein skrivekonkurranse på jakt etter nye og spenn