Gå videre til innhold

Pressemelding

Tone E. Solheim er aktuell med Promille, ei varm og klok ungdomsbok om drikkepress og ansvar

Markus er femten år og har full kontroll. Han har gode venner, gode karakterar og ei søt jente som tekstar han dagleg. Men heime held ting på å gli ut av kontroll. Og det må aldri kome ut. Ingen, ikkje eingong dei som står han nærast, må få vite om mor hans og ølboksane ho prøver å skjule, eller vinflaskene ho prøver å gøyme unna. I alle fall må ingen vite om det som skjedde i fjor.

Veslesøstera Milla har ikkje merka noko, og pappa seier at alt er fint, at mamma har det betre no, og at det ikkje er noko å bekymre seg for. Men pappa veit ingenting, og om ikkje Markus sjølv tek ansvar for familien, kjem alt snart til å rakne. Igjen.

Med Promille har Tone E. Solheim skrive ei klok bok om ansvar, drikkepress blant unge, alkoholisme i familien og det å miste kontrollen. Samstundes er det ei varm og håpefull skildring om forelsking. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Eg er V-Vida frå 2024.

Tone E. Solheim (f.1988) er ein prisvinnande ungdomsbokforfattar frå Jølster. Ho debuterte i 2021 med Svarttrasta syng om natta, som ho vart nominert til Uprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris for. Boka er også gitt ut i Danmark. Promille er den tredje romanen hennar.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter