Gå videre til innhold
Hopp i havet av Trude Tjensvold.

Pressemelding —

Trude Tjensvold med ny faktabok for barn – denne gongen om det djupe havet!

Etter suksessen Vi roper i skogen har Trude Tjensvold med Hopp i havet! igjen skrive og illustrert ei fabelaktig faktabok for dei minste. Boka er stappfull av artige og ukjende fakta om havet og skapningane der – perfekt for små utforskarar.

Kva er det eigentleg som finst under havoverflata? Kva skapningar lever på havbotnen, og kor djupt kan det eigentleg bli? I Hopp i havet! tek Trude Tjensvold lesaren med på ein tur djupt under overflata, blant fisk, korallrev, blekksprutar og andre skapningar. Her kan ein oppdage alt frå spøkelsesfiskar og gigantiske kvalar til undersjøiske vulkanutbrot og skipsvrak fulle av skattar.

Opplysande tekstpassasjar og rike illustrasjonar gjer Hopp i havet! til ei undring over alt det rare og ukjende i hava våre. På originalt vis inviterer Trude Tjensvold lesaren med på eit djupdykk blant dei mangfaldige livsformene i verdshava. Frå Svalbard til Australia møter lesaren på skapningar og ting under havoverflata som ein knapt hadde trudd fanst!

Trude Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Ho har etter dette gitt ut fleire biletbøker, lettlesbøker og den grafiske romanen Raud Volvo (2022) for ungdom. I 2023 kom faktaboka Vi roper i skogen, og i 2025 gav ho ut sin første roman Misty åleine, som vart nominert til Kulturdepartementets skjønnlitteraturpris for barn og unge.

Relaterte lenker

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Hopp i havet!
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Trude Tjensvold
    Størrelse:
    3359 x 1944, 2.48 MB
    Last ned
  • Hopp i havet! av barnebokforfattar og illustratør Trude Tjensvold
    Hopp i havet! av Trude Tjensvold
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.68 MB
    Last ned
  • Forfattar Trude Tjensvold
    Trude Tjensvold
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6144 x 4096, 3.17 MB
    Last ned