Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • LANSERING AV NY BOK OM WIKILEAKS 24.4.

    I den nye boka Statsfiende WikiLeaks tek Der Speigel-journalistane Holger Stark og Marcel Rosenbach fleire sider ved fenomenet WikiLeaks. WikiLeaks endra i løpet av nokre få månader nyheitsbildet i heile verda. Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta USA og andre statar så hardt?

  • Samlaget feirar Ragnar Hovland 60 år med stor fest og ny bok om forfattaren

    21.3. lanserer Samlaget Halvor Folgerø og Finn Tokvam si intervju- bok om og med jubilanten, Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland. ”Ragnar Hovland – 60 år i svevet” fest for jubilanten i Losjen i Bergen fredag 23.3. kl 20. Ope publikumsarrangement. Odd Nordstoga, Finn Erix, Maria Parr, Agnes Ravatn, Olav Stedje er blant dei som hyllar Hovland.

  • PRESSEMELDING: Hulda Garborg 150 år

    I morgon, onsdag 22. februar, er det 150 år sidan Hulda Garborg blei fødd. Med biografien om Hulda Garborg har forfattar Arnhild Skre løfta fram den nasjonale strategen til å bli Bragevinnar, kjendis og boksuksess i året før ho fylte 150. Boka Hulda Garborg. Nasjonal strateg er no komen i 4. opplag.

  • PRESSEMELDING: AINA BASSO MED NY ROMAN OM HEKSEPROSESSANE I FINNMARK

    Aina Basso er aktuell med ny ungdomsroman om hekseprosessane i Finnmark, Inn i elden. Samlaget lanserer boka under Finnmark Internasjonale Litteraturfestival 29.2. I løpet av 1600-talet vart rundt 80 ”trollkvinner” dømde til døden i Finnmark. Dette er det dramatiske bakteppet for Inn i elden, historia om to unge jenter som hamnar på kvar si side i den grufulle heksejakta.

  • Samlaget presenterer haustens bøker 17.8. kl 10

    Samlaget presenterer haustlista 17.8. kl 10, på Litteraturhuset i Oslo. Fleire av haustens forfattarar vil vere til stades: Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Marit Eikemo, Olaug Nilssen, Sylfest Lomheim, Sigrun Slapgard, haustens debutantar m.fl.

  • Nordisk pris til omsetjar Lars Moa

    Den kritikarroste omsetjaren Lars Moa er tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Rysst pris. For si siste omsetjing, U - historier om djevelskap

  • Ny, norsk peikebokserie frå Kari Stai

    Den prislønte forfattaren og designaren Kari Stai er ute med ein ny peikebokserie - Mopp og Mikko. Mopp praktikar og Mikko er romantikar. Dei to gledesfylte typane er på nysgjerrig leting etter noko dei likar eller undrar seg over.

Vis mer