Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Pris til trioen bak heimskringla.no

    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond er ein pris med to siktemål. Annakvart år går prisen til nokon som gjer eit godt arbeid for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og/eller Island, og annakvart år går prisen til unge forfattarar som skriv på nynorsk. I år er det ein trio som har styrka banda mellom Noreg og Island, så vel som resten av det nordiske språkområdet, som skal heidrast.
    Jón Júlí

  • Alf Helleviks mediemålspris 2017 tildelt Sølve Rydland

    Alf Helleviks mediemålpris for 2017 er tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland.
    Mediemålprisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.
    Sølve Rydland er 33 år og kjem frå Knarvik utanfor Bergen. Han har sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i 2005/2006 vore knytt til NRK Hordaland. Fyrst som tilkallingsvikar i studietid

  • Maria Parr kjem med ny barnebok i august, "Keeperen og havet"

    Maria Parr kjem med si tredje bok i august, Keeperen og havet. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Parrs debutbok Vaffelhjarte. Hovudpersonane Trille og Lena har blitt litt eldre, og møter nye utfordringar. Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene.
    Parr har opplevd ein eventyrl

  • Forfattar Rolf Sagen har gått bort

    Forfattaren Rolf Sagen (f. 1940) gjekk bort i dag 6. april.
    I tillegg til ei omfattande forfattargjerning grunnla Rolf Sagen Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og arbeidde som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for.
    Sagen var fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp

  • Ny bok: Viljen til liv - Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid

    Helse og sjukdom, liv og død, er grunnvilkår i alle menneskeliv og samfunn. I oversiktsverket Viljen til liv - Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid følgjer forfattar Aina Schiøtz hovudlinjene i medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid. Kva slags syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke, og kva slags vilkår har ein bydd pasientane? Og korleis har eit skiftand

  • Agnes Ravatn nominert til britisk krimpris

    Agnes Ravatn er på kortlista til gjeve Petrona Award for den engelske utgåva av Fugletribunalet, The Bird Tribunal, omsett av Rosie Hedger. Petrona Award vert delt ut årleg til «Best Scandinavian Crime Novel of the Year». Ho er nominert saman med m.a. Gunnar Staalesen og Leif G.W. Persson. 
    Ravatns gjennombrotsroman Fugletribunalet fekk svært god mottaking då ho vart vart lansert i Storbritanni

  • Ny bok: Norge skildra av tyske soldatkunstnarar 1940-45

    I den nye boka "Norwegen, schönes Land! Tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940-1945" presenterer forfattar og samlar Einar Økland unik propaganda frå den tyske okkupasjonen av Norge.
    Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, stor

  • Boka om Lothepus kjem i september

    Samlaget lanserer boka om Lothepus i slutten av september. Finn Tokvam er forfattar.
    «Går det til helvete, så går det til helvete!»
    «La kvinnfolk vere kvinnfolk, og mannfolk vere mannfolk.»
    «Det går viss du er tøff nok i trynet. Alt går!»
    Leif-Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk

Vis mer