Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • To nye bøker om og med Sissel Solbjørg Bjugn

    Samlaget lanserer to bøker om og med Sissel Solbjørg Bjugn (1947-2011). Bjugn var poet, barnebokforfattar, illustratør, radikal religiøs og samfunnsengasjert. Bjugn var ein nyskapande forfattar og fornyar av den norske surrealismen. I Skrive, teikne, røre og slåst! Av og om Sissel Solbjørg Bjugn teiknar Tor Eystein Øverås eit portrett av henne basert på eit rikhaldig arkiv og intervju med personar

  • Kva gjer det med gudstrua å miste eit barn? Alf Kjetil Walgermo med ny bok.

    I Du som er i himmelen går Alf Kjetil Walgermo i møte med dei store spørsmåla. Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Å tru på ein Gud i det heile?
    Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit para

  • Tharaniga Rajah debuterer med mørk dystopi frå Sameland

    Tharaniga Rajah debuterer med ein dystopisk roman om kampen for ein samisk stat. I romanen Det er lenge til skumring har Noreg har utsett samane for etnisk utreinsking. Raisa tek med dottera Násti til Finnmark. Der blir dei del av ein samisk fellesskap, som bygger ein samisk stat. Men snart blir den nye staten angripen av nabolanda, og Raisa må kjempa for å verna det nye landet sitt og dottera.

  • Tett på søskenparet frå Kleiva i ny bok; "Søsken til evig tid"

    Ei reise 50 år tilbake i tid!
    Filmane om Oddny og Magnar på Kleiva er sett av nesten to millionar. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett på dyra og naturen. Å komme til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid. Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. 
    Journalist Ivar Myklebust Longvastøl te

  • Krimduoen Kroken & Kolden klar med "Frosten og døden"

    Det røynde forfattarparet Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken er klar med si fjerde krimbok der handlinga er lagt til Gudbrandsdalen. I "Frosten og døden" jaktar etterforskarane Seljestad og Vold ein dristig og dyktig, men òg desperat gjerningsperson. Romanen handlar også om einsemda på bygda, om korleis eit menneske kan forsvinne inn i isolasjon sjølv om grannane bur berre nokre titals meter unna, i

  • Laura Djupvik aktuell med grøss og gru!

    Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer.
    I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho klatrar opp i treet til Selma.
    Selma gler seg til å møte henne igjen. Men kven er denne Anna? Kva vil ho? Og kva løyndommar ber mor til Selma på?
    Boka er del av GRØSS OG G

  • Brit Bildøen med ny roman; "Tre vegar til havet"

    I Tre vegar til havet skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit anstendig menneske.
    Ei kvinne går ut til postkassa for å hente eit brev ho har venta på lenge. Eit brev som skal endre livet hennar.
    Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt.
    Ei kvinne går l

  • Maria Parr og Marit Kaldhol nominerte til verdas største barnebokpris, ALMA-prisen

    Marit Kaldhol og Maria Parr er begge nominerte med sin samla forfattarskap.Kaldhol har vore nominert til ALMA-prisen to gonger før.
    Marit Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne.  Forfattarskapen hennar er rik og variert. Kaldhol har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassik

  • "Råd til dei elskande" av Julian T. Brolaski på norsk

    Eit nyskapande erotisk verk
    Råd til dei elskande er inspirert av Ovids lærebok Ars Amatoria og har i seg overtonar av renessansens sonettkransar. Det er ei oppfinnsam og velforma diktsamling, formmessig intrikat, men moderne og direkte i uttrykket. Råd til dei elskande er eit nyskapande erotisk verk for det 21. hundreåret.
    Gjendikta av Leif Høghaug.
    Boka er ein del av Samlagets gjendiktin

  • Ingvar Nistad med ny diktsamling

    Poetisk dialog mellom far og son
    Ingvar Nistads tredje diktbok er eit sårt og treffande portrett av forholdet mellom ein son og ein far. Først er det sonen som har ordet. Han er på vitjing hos faren, ein verdsvand mann, ein som har venner, ein som har kunnskapar. Den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan. No er det faren som snakkar. Han snakkar til sonen, han pratar med seg sjø

Vis mer