Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok om matmakt i Noreg

    Siri Helle er aktuell med boka Matmakt på butikken. Noreg har den mest konsentrerte daglegvaremarknaden i Europa. Tre daglegvarekjeder leverer nittini prosent av maten vi et, og makta til daglegvarekjedene gjeld ikkje berre mellom reolane. Daglegvarekjedene styrer alt frå småbyestetikk og pizzakjeder til dyrevelferd i hønsehuset.
    Nordmenn handlar mat ofte. Tre av fire husstandar handlar fleire

  • Brit Bildøen blir Festspeldiktar i Bergen mai 2019

    Brit Bildøen blir Festspeldiktar i Bergen 23. til 26. mai 2019.
    Frå grunngjevinga: "Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og fremst til refleksjon, ikkje emosjon. Dei er litterært solide, gjennomtenkte og sobre. Brit med lang I er ein sofistikert forfattar, som behandlar sine tema med språkleg og strukturel

  • Bragepris til "Når landet mørknar" av Tore Kvæven

    Bragepris til Tore Kvæven for Når landet mørknar
    Tore Kvæven har vunne Brageprisen i kategorien skjønnlitteratur 2018 for romanen Når landet mørknar. 
    Boka har hausta strålande kritikk hos meldarane og tek lesarane med til Grønland under mellomalderen. 
    I grunngjevinga til juryen står det: 
    Gjennom et rikt og lekent språk maler Tore Kvæven fram en både dramatisk og magisk vakker fortel

  • "10 ville ekspedisjonar" seld til Finland, Tsjekkia og Slovakia

    10 ville ekspedisjonar til det store utland! 
    Rettane til faktaboka 10 ville ekspedisjonar er seld til Finland, Tsjekkia og Slovakia. Det kan agent Eirin Hagen i Hagen Agency fortelje. 
    - Eg merker at fagbøker for barn-og ungdom er etterspurde mellom internasjonale forleggarar, seier Hagen. 
    I Finland er det forlagshuset Arthouse som har kjøpt boka. Rettane til boka i Tsjekkia og Slovakia

  • Herborg Kråkevik klar med "Juleroser" og "Barnas Juleroser"

    Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I sitt fjerde år er heftet ute i eit rekordstort opplag på 100 000. I år introduserer Kråkevik også Barnas Juleroser. Utgjevingane er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet frå 19.11.
    Juleroser og Barnas Juleroser er litterære julehefte med bidrag frå

  • Nytt verk om Kjartan Fløgstad sitt forfattarskap

    I Fløgstad verk nyttar litteraturforskaren Heming Gujord eit uvant, men overtydande grep når han leverer den mest omfattande analysen og kritiske gjennomgangen av dei hittil 51 bøkene i Kjartan Fløgstads mangfaldige forfattarskap.
    Gujords informative nærlesing viser fram dei lange linjene, men løfter også fram brota og litteraturpolitiske inkonsekvensar i Fløgstads teori og praksis.
    Framstil

  • Folkekjære søsken inn på bestseljarlista

    Boka Søsken til evig tid av Ivar Myklebust Longvastøl ligg på tredjeplass på bestseljarlista og har eit samla opplag på 20 000. Oddny og Magnar Kleiva vart kjende gjennom to dokumentarfilmar som vart svært populære, og som er er sett av nesten to millionar. Søskenparet treff noko heilt spesielt i den norske folkesjela. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett

  • Ottar Grepstad aktuell med boka "Skriftkultur"

    Ottar Grepstad er aktuell med boka Skriftkultur. Tidssignal frå det 21. hundreåret.
    Gjennom tjue år som leiar for Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har vore ein institusjonsbyggjar og ein nasjonal strateg for nynorsk skriftkultur.
    Både som forleggar og forfattar har Grepstad vore ein sentral våpendragar for auka merks

  • "Når landet mørknar" av Tore Kvæven nominert til Brageprisen

    Tore Kvævens episke roman med handling frå Grønland, Når landet mørknar,  er nominert til Brageprisen i kategorien skjønnlitteratur. Boka som kom ut i mars vart kalla eit mesterverk av kritikarane og fekk gjennomgåande svært gode meldingar. 
    Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barenboka Kameljegeren (2013). Når la

  • Samlagsprisen 2018 til Astrid Sverresdotter Dypvik

    Samlagsprisen for 2018 går til Astrid Sverresdotter Dypvik
    Astrid Sverresdotter Dypvik (født i 1977) og er journalist og historikar. Dypvik får prisen for bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012), og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017). 
    Samlagsprisen er på 50.000 kr.
    I grunngjevinga for tildelinga skriv juryen dette: 
    "Det var DDR. Forteljingar om eit

  • Boklansering - "Brev til Noreg" av Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik

    Etter ti år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed brev frå den norske stat med avslag på søknad om å bli norsk statsborgar. Brev til Noreg er hennar svarbrev, ført i pennen av Hilde Sandvik. 
    Då somaliske Mona Ibrahim Ahmed var 16, tok ho eit modig val. Ho ville bestemme over sitt eige liv. Det kosta henne dyrt og gjekk ut over forholdet til familien og miljøet ho kom frå. Etter ti år i Noreg, fekk h

  • Pia Strømstad og Trond Bredesen tek deg med på "10 ville ekspedisjonar"

    Neil Armstrong var førstemann på månen. Ellen MacArthur segla jorda rundt heilt åleine gjennom storm og bølgjer. Og ingen har vore så djupt nede på havbotnen som James Cameron.
    Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende a

Vis mer