Maria Parr presenterer klassiske eventyr
Maria Parr har omsett "Barnas store eventyrbok" med klassiske eventyr henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og Grimm-brørne.
Maria Parr har omsett "Barnas store eventyrbok" med klassiske eventyr henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og Grimm-brørne.
Samlaget lanserer torsdag 20.august dei samiske utgåvene av den moderne klassikaren til Kari Stai Jakob og Neikob. Lanseringa finn stad i den samiske barnehagen på Tøyen i Oslo kl.12. Det blir presentasjon og demonstrasjon av den interaktive e-boka.
Den prislønte Lars Mæhle vil vekke klimaengasjement hjå ungdommen med miljø-thriller. Året er 2052 og Noreg er ein totalitær politistat der eit korrupt oljeregime sit med makta. Klimaforkjemparar lever i konstant frykt og overvaking frå styresmaktene. Samstundes går statskotet for nettreality konseptet Bouvetøya 2052. Syttenårige Roland frå Noreg viklar seg inn i nettrealityen.
Velkomen til lansering av haustens bøker frå Samlaget!
Onsdag 19.8. kl 17 på Ingensteds i Brenneriveien 9 (rett ved Blå)
Smakebitar frå haustens bøker, fingermat og forfriskningar, musikk og dans.
Velkomen!
Påmelding til m.hvamstad@samlaget.no innan torsdag 12.8.
Den anonyme italienske forfattaren med pseudonymet Elena Ferrante ligg på førsteplass på den norske bestseljarlista for sjette veka på rad med romanen Mi briljante venninne. Boka kom ut i mars til overstrøymande bokmeldingar; "eksplosiv skildring", "full av livskraft og pulserende liv", "mesterforfatter", "moderne storverk", "besettende lesning", "brutal, vakker og nærgående skildring", "medriven
Syn og Segn nr 2 er ute. Du kan lese om mellom anna dette:
ARKITEKTUR: Kvifor har ferdighus vorte ein folkeleg suksess? Kva legg vi eigentleg i omgrepet smak? Og korleis skal vi forstå etikken bak estetikken? Gaute Brochmann, Ola Sendstad og Even Smith Wergeland ser arkitektur, etikk og estetikk frå ulike synsvinklar.
SAMTALEN: «Før var eg meir oppteken av å vere smart og intelligent, kanskj
Forfattar Lars Petter Sveen fekk i dag Jan Roar Leikvolls minnepris for forpå eit arrangement på Litteraturfestivalen på Lillehammer.
Frå grunngjevinga til juryen:
"Vi har å gjere med ein original og ikkje minst modig prosaist som syner ein særmerkt vilje og evne til å gripe tak i flikar av kjent stoff og gjere dette til sitt eige. Dei bøkene prisvinnaren har bak seg til no, syner eit stort
Agnes Ravatns gjennombrotsroman «Fugletribunalet» frå 2013 er selt til det engelske forlaget Orenda Books. Forleggaren, Karen Sullivan, seier om boka at ho er «svært gripande og ein intens litterær thriller», og at «dette er ein roman som vil trekke til seg ein brei lesarkrets». Den engelske omsettinga vil bli lansert våren 2016, og distribuert også i USA, Canada og Australia. Tidligare er roman
Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2014 er Lars Mæhle med ungdomsboka Landet under isen. Dødeboka. "Mæhle har skrive ei rekke bøker for både barn, ungdom og vaksne innanfor ulike sjangrar. Juryen rettar merksemda mot den delen av forfattarskapen som rettar seg mot ungdom, og meiner at forfattaren skal ha heider for å ta dei unge som lesargruppe på alvor."
No kjem Lene Kaaberbøls bestselgande fantasyserie som nordisk storfilm. Skammarserien er ein fantasy-serie på fire bøker skriven av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl. Serien kom ut i 2000 og har seld over 500 000 eksemplar på verdsbasis. Bøkene er ute i 25 land. Samlaget gir no ut bøkene i nytt filmpocketformat for ein ny generasjon. Filmen har premiere i Norge 1. mai.
«Mi briljante venninne» er første band i Ferrantes mykje omtalte Napoli-kvartett som handlar om venninnene Elena og Lila, som veks opp i Napoli etter 2. verdskrig. "Ferrantes Napoli-kvartett er moderne romankunst på sitt beste. At «Mi briljante venninne» ligg på salstoppen seier det meste om norske lesarar", seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard.
Samlaget gir ut PJ Harveys nye bok, The Hollow of the Hand på norsk til hausten, i omsetjing av Gunnhild Øyehaug og Pedro Carmona Alvarez. Boka vert lansert samstundes i USA, Storbritannia, India, Australia, Mexico og Noreg.
The Hollow of the Hand, som er ei samling dikt og fotografier, er eit samarbeid mellom PJ Harvey og fotograf Seamus Murphy.
Redaktør Kjersti Instefjord i Samlaget tok u
Alfred Andersson-Ryssts pris går i år til Eivør Pálsdóttir, songar og komponist frå Færøyane. Prisen går annakvart år til ung, lovande nynorskforfattar, og annakvart år til personar eller prosjekt som aukar kultursamarbeid mellom Norge og Færøyane eller Norge og Island.
Hulda Garborg-stipendet for 2015 går til Unn Vibeke Hol, skodespelar ved Det Norske Teatret. "Dette er ei kvinne med lang fartstid på Det Norske Teatret. Ho blei tilsett på teatret i 1974, rett etter at ho kom ut frå Statens teaterskole. Sidan har ho hatt meir enn 80 roller på dette teatret som dekker eit svært breitt lerret frå ei ung Julie til ein litt eldre Nasse Nøff."
Annemarta Giske (38) er sportsanker i TV2 og får prisen for å vere ein språkmedviten journalist og nynorskbrukar gjennom alle sine år som journalist. Giske held på nynorsk i ein bokmålsdominert redaksjon, og innanfor eit stoffområde prega av bokmål og dialekt. Ho er eit viktig språkleg førebilete og brukar ein normert nynorsk både i opplesing og intervjusituasjonar.
Den nye diktsamlinga til Einar Økland snakkar ikkje berre om livet, men også om korleis ein kan snakke om det – når ein sjonglerer med det alvorlege, det humoristiske, det absurde, det attkjennelege og det overraskande. Når vi dykkar ned i dikta, treffer dei både kropp og tanke med rare trykk.
Boka er tredelt og inneheld «Idyllar» (utan å alltid vere like idyllisk), «Erindringar» (som li
Atle Hansen er ein erfaren forfattar av spenningsbøker for unge lesarar. Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Når mystiske ting byrjar hende, og du ikkje klarer å finne ei naturleg forklaring? Nokre gonger blir det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida sjølv om det kan bli farleg.
Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si
eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund.
Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og
einsemd gjennom skiftande årstider på landet.
Samlinga er vakkert illustrert av Tone Lileng
Eg hengetter ei handfrå ei greinKjenner vindenbølgje i trekronaEg er ein kongleeller ein kno
LANSERING: Jon Hellesnes i samtale med Kjartan Fløgstad 21.4. kl 19 på Litteraturhuset i Oslo.
Boka startar med forteljingar om ein barndom under okkupasjon, sivil motstand og ei etterkrigstid med oppgjer av ymse slag. Det kjem så essayistiske undersøkingar av minne og ymse former for gløymske og av medviten fabulering versus faktaorientert memorering. Komikk og refleksjon, dikting, filosof
LANSERING: 21.4. kl 20 på Syng, Nedre gt 7, Oslo.
Tekstane i Arne Henning Årskaugs debutbok Utstyrstekstar er prega av språkleg overskot og er fulle av eigenarta forteljargrep. I opningsteksten er det er sjølve leilegheita som fortel om det unge paret som har flytta inn. Leiligheita er ikkje særleg optimistisk til at kjærleiken vil vekse og vare. Det kjem til å kome betre kjærleikar er refr