Ny ungdomsroman frå Marit Kaldhol
Sterkt og sårt om ungdomstid
Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.
Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han