Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Sigrun Slapgard med sterk dokumentarbok om Latin-Amerika

    I "Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier" tek Sigrun Slapgard oss med på reisene sine på dette valdelege kontinentet. Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke. 
    Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det lat

  • Tora Seljebø klar med romanen "Huset på prærien"

    To søstrer bur med mor si i eit hus på prærien. Ein dag flyttar hestetemmaren inn, og romanen skildrar korleis jentene nærmar seg han. Lengselen etter å bli sett er stor og katastrofal. Huset på prærien er ein roman om unge jenter og vaksne menn, om bilturar om natta, om sandstormar, hestar, om grenseovergangar og reglar som blir viska ut.
    Tora Seljebø (f. 1973) er oppvaksen i Ålvundfjord på No

  • Gjertrud Langva debuterer med "Vi spring ikkje slik vi sprang"

    Ein morgon vaknar bror og søster åleine i huset i skogen. Foreldra er sporlaust forsvunne, og søskena byrjar å leite etter dei. Dagane går, og ved å fortelje kvarandre historier prøver dei å finne ut kva som har skjedd. Dei byrjar å utforske ukjende rom i huset og det tidlegare forbodne landskapet omkring. Dei teiknar eit kart som blir utvida etter kvart som dei gjer seg kjende. Foreldra er borte,

  • Mads Rage debuterer med post-apokalyptisk roman

    Eit skip siglar på fjorden, ein dokter lagar medisin som skal halda mannskapet friske. Døyr nokon, vert dei sveipte i fiskeskinn og gravlagde i vatnet med ei bok liggande på brystet. Etter sistemann som fór den vegen har Poll overteke vaskejobben på skipet. Under vaskinga av kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under køya. Der ligg bøkene. Poll har aldri rørt ved ei bok før, me

  • Olaug Nilssens "Tung tids tale" selt til Sverige

    Olaug Nilssens roman Tung tids tale er selt til utgjeving på Bonnier Förlag i Sverige. Winje Agency er Nilssens utanlandsagent. 
    Redaktør i Bonniers, Åsa Lindström, seier dette om boka: 
    «Jag och flera av mina kollegor som också läst romanen, blev fullständigt golvade av det koncentrererade språket, det osentimentala och kraftfulla uttrycket och den starka kärleken som lyser igenom skildring

  • Terje Torkildsen klar med "Stavanger Stories 2"

    Dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen er klar med ny ungdomsbok.  Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann - og også andre folk som er rundt dei i store, vesle, vakre, stygge Stavanger. 
    Betty er usikker på om ho kan stole på kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for

  • Ny roman på norsk av Elena Ferrante; "Kvelande kjærleik"

    I Kvelande kjærleik blir Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme telefonoppringingar, som saman med mystiske hendingar fører til at ho må rekonstruere dei siste dagane mora levde. For kvar nye oppdaging må Delia ta innover seg at mora ikkje var den personen ho har trudd.

  • Samlagets vårliste; jubileumsår, Elena Ferrante og Patti Smith

    Samlaget feirar 150 år i 2018 og markerer dette m.a. med storverket Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø som kjem i starten av april. I februar kjem Elena Ferrantes Kvelande kjærleik, omsett av Kristin Sørsdal. Sumaya Jirde Ali, Kristin Fridtun, Nils Henrik Smith og Camara Lundestad Joof kjem alle med sterke samtidstekstar i den nye serien Norsk røyndom. Sigrun Slapgard, Tore Kvæven, Marit

  • Elena Ferrante blir fast spaltist i Guardian Weekend Magazine!

    Den suksessfulle forfattaren bak Napoli-kvartetten seier ho vart freista til å utfordre seg sjølv med den ”motige, angstfulle oppgåva” det er å skrive på fast basis for helgemagasinet til avisa.
    Spalta blir den første faste spalta som den mystiske forfattaren skriv.
    - Eg er svært begeistra over å få jobbe med Elena Ferrante og hennar første avisspalte. Eg kan nesten ikkje vente med å sjå kor

  • Det Norske Samlaget feirar 150 år i 2018

    Det Norske Samlaget fyller 150 år i 2018. Forlaget er eit av dei eldste i landet og har gitt ut nynorsk litteratur sidan 1868. Det skal vi feire på fleire måtar.
    Sentralt i jubileumsåret står utgivinga av praktverket Nynorsk litteraturhistorie skrive av professor Jan Inge Sørbø. Boka er ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag – og gjev eit heilt nytt p

  • Jan Roar Leikvolls minnepris til Ingvild Holvik

    Forfattar Ingvild Holvik får Jan Roar Leikvolls minnepris 2017. 
    Frå grunngjevinga til juryen: 
    "prisvinnarens litterære produksjon utmerkar seg ved å vere skarp, smart, usentimental – nådelaust kynisk den eine augneblinken, overrumplande morosam den neste. Mest av alt er dei to romanane forfattaren har utgjeve til no, prega av ei særmerkt evne til å handtere kvardagsspråket i kunstnarleg sa

  • Stor interesse for Agnes Ravatn i utlandet

    Fugletribunalet av Agnes Ravatn har nylig blitt selt til Italia, Frankrike og Bulgaria. Boka er til saman selt til 11 land no, inkludert Storbritannia, Tyskland og Russland. Haustens bok "Verda er ein skandale" er også nylig selt til tyske btb/Random House som har suksess med m.a. Maja Lundes bøker. Northern Stories er agenturet til Ravatn.
    Fugletribunalet kom ut i 2013 til strålande kritikkar.

  • Språkprisen 2017 til sjimpansebiograf

    Forfattar Alfred Fidjestøl får Språkprisen 2017. Prisen er på 100 000 og vert delt ut av Språkrådet. Fidjestøl er i haust aktuell med ein biografi om sjimpansen Julius, Nesten menneske, som alt er selt til utgjeving på engelsk og kinesisk. 
    Alfred Fidjestøl (f. 1973) får prisen for bøkene Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013 (2013), Frå Asker til Eden. Historia om Askerkretsen 1897–1924 (201

  • Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes og Håkon Bleken m.fl. er med i Herborg Kråkeviks "Juleroser"

    Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I år er Juleroser ute i eit rekordstort opplag på 92 000. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet frå 20.11.
    Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Kråkevik vil gi les

  • Olaug Nilssen nominert til Ungdommens kritikarpris for "Tung tids tale"

    "Tung tids tale" av Olaug Nilssen er nominert til Ungdommens kritikarpris. Romanen som nylig vart nominert til Brageprisen har også fått ei heilt spesielt god mottaking hos lesarar og kritikarar. 
    Olaug Nilssen seier dette om responsen på boka: 
    -Tung tids tale har utløyst eit ras av positive og inderlege tilbakemeldingar, både frå pårørande, frå fagfolk innanfor helse og omsorg og frå andre

  • Brit Bildøen og Agnes Ravatn er nominerte til Dublin Literary Award

    Brit Bildøen og Agnes Ravatn er på langlista til prestisjeprisen Dublin Literary Award med bøkene "Sju dagar i august" og "Fugletribunalet". Prisen er på 100 000 euro og går til ei bok skriven på engelsk eller omsett til engelsk. Blant tidlegare vinnarar finn ein Orhan Pamuk, Per Petterson og Michel Houllebeq. 
    Meir om prisen og dei nominerte: http://www.dublinliteraryaward.ie/news/3-norwegian-

  • Hilde Kvalvaag og Sturla Bang med framtidstriologi

    Fascinerande undergangsforteljing frå eit framtidig Kina
    Barneheimsjenta Ela arbeider som alle andre jenter som slave på fabrikken til tyrannen Ingmor, som styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner henne, er gått til grunne, organisk mat finst ikkje, personleg fridom finst ikkje, og den som ikkje passar seg og gjer som ho er beden om, hamnar på blodtappingsbenken og kan ende med å

  • Ny bok frå Arild Rein; "Krapyl"

    I Arild Reins nye bok følgjer vi ein gut i gata og området han veks opp i, og observasjonane han gjer seg. Blikket hans er retta mot den til dels skremmande og uforståelege vaksenverda, representert ved dei eldre gutane, naboar, foreldre, tanter og onklar og besteforeldre.
    Situasjonane er både skeive, humoristiske og smått absurde. Det handlar om fotballspeling, om å lære å sykle, om ein far so

  • Ny roman frå Mette Karlsvik; "Mørkerom"

    Mørkerom handlar om Mette, som gjennom fotografi og minne forsøkjer å gå inn i si eiga fortid – og vidare inn i fortida til faren. Då faren døydde så altfor tidleg av sjukdom, mista ho blikket som gjorde henne til den ho var: Det å ikkje lenger bli sett skapte store endringar. Er det mogleg å finne attende til den ho var i blikket til faren? Kanskje må ho bryte gjennom dei idealiserte bileta ho ha

  • Ny diktsamling frå Sindre Ekrheim; "Rangsøles. Litofaniar"

    Sindre Ekrheims nye diktsamling Rangsøles. Litofaniar beveger seg motsols, og verda trer fram i samspelet mellom mørke og lys. Det er ei poetisk omarbeiding av sanseinntrykk, visuelle og lydlege, der bilete blandar seg med bilete og røyndom med draum. Det er ein skarp og langsam poesi, ei registrering av både indre og ytre landskap, som rommar kropp, minne, natur og teknologi.
    Sindre Ekrheim (f

Vis mer