Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Hilde Myklebust med ny diktsamling

    Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta til Hilde Myklebust ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker,

  • Ny diktsamling med ode til havren

    Agnes Denes (f. 1931) er ein amerikansk konseptkunstnar og pioner innan økologisk land art. Våren 1982 sådde ho installasjonen Wheatfield – ein konfrontasjon – ein åker med åtte mål kveite på ein fyllplass rett ved World Trade Center på Manhattan.
    Å så og hauste ein kveiteåker på eit jordstykke verdsett til 4.5 milliardar dollar skapte eit kraftfullt paradoks. Hendingane den 11. september 2001

  • Ny novellesamling frå Solfrid Sivertsen

    Solfrid Sivertsens nye noveller er sterke og lågmælte, med ein dramatikk som syd under overflata. Nokre av dei har synsvinkelen til barn: ein busstur vekk frå ein alkoholisert far, eit sakn etter ein stefar som er forsvunnen, ei veslesøster som har drukna, ei linje frå ei historie som har sett seg fast i hovudet. Andre noveller krinsar rundt minne som dannar utgangspunkt for historier om eit heilt

  • Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun med nye bøker om norsk røyndom

    Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun er alle aktuelle med bøker i Samlagets nye serie Norsk Røyndom. I serien Norsk røyndom skriv utvalde forfattarar om den norske samtida. Viktige tema vert presentert i kort format, med eit personleg utgangspunkt.
    Lansering 11. juni kl 19 på Bortenfor, Brenneriveien 7 i Oslo. FB-arrangement her: https://www.facebook.com/events/17284323021

  • ​Åtte amerikanske samtidspoetar for første gong utgitt på norsk

    Denne boka presenterer åtte unge, tonegivande samtidspoetar som har vakse opp i dagens USA etter 11. september 2001. Denne generasjonen lèt seg ikkje så lett setje i bås. Dei speglar alle tida dei lever i, men tek opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hiphop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om både kjønn, rase og identitet, på måtar som

  • Nynorsk litteraturhistorie for første gong

    Endeleg kjem storverket om nynorsk skjønnlitteratur, frå Ivar Aasens tid til i dag. Jan Inge Sørbø står bak Nynorsk litteraturhistorie der over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til

  • Flåm skule vann 1. premien under Nasjonalt digitalt lesedøgn!

    Onsdag 25. april gjekk Nasjonalt digitalt lesedøgn av stabelen. 200 skular og nesten 10 000 elevar var påmelde, og frå onsdag til fredag las elevar over heile landet til saman meir enn 700 000 sider i nynorske barnebøker! Det vart trekt ut vinnarar blant alle grupper som hadde lese meir enn 100 sider i snitt per elev, og 4. trinn på Flåm skule vann den gjæve 1. premien, som er 15 iPadar.
    – Eg t

  • ​Ole Rolfsrud får Alf Helleviks mediemålpris 2018

    Ole Rolfsrud (42) får prisen for å vere ein tydeleg og leiken nynorskbrukar gjennom mange år i NRK Sport og for å ha pløyd ny mark som laurdagsunderhaldar i «Alle mot 1» på NRK1.
    Rolfsrud tek språket som verktøy på alvor. Som sportsjournalist har han utmerka seg med ein munnleg og ledig nynorsk på både tv og radio. Gjennom entusiasme, sportsglede, humor og alvor viser han eit uanstrengt og vari

  • ​Frå Nordkapp i nord til Mandal i sør – 200 skular påmelde til lesedøgn!

    - Vi er svært godt nøgde med responsen, og gler oss stort til det som blir vårens villaste leseeventyr, seier prosjektleiar Guro Kvalnes.
    Under fana Nynorsk lesefest har forlaget invitert inn 1.–4. klasse i grunnskulane til eit nasjonalt digitalt lesedøgn 25. april. Døgnet vil bli avvikla i skuletida, og elevane får nytte den digitale lesetenesta Lesemeister.no til å lese nynorsk litteratur ein

  • H.M. Kongen til festkvelden for Det Norske Samlaget

    Det Norske Samlaget har gleda av å annonsere at H.M Kong Harald kjem til å vere tilstades under festkvelden 28.04 i Det Norske Teatret.
    Festkvelden er del av feiringa av 150 års jubileet til forlaget. Ei eiga festframsyning vil bli vist på hovudscena denne kvelden. Her har teatret, med sjefdramaturg Carl Morten Amundsen i spissen, samarbeidd tett med forlaget om det kunstnarlege innhaldet. Musi

  • Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

    Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale»
    Prisen vart delt ut under landsmøtemiddagen til Noregs Mållag i helga. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30 000 kroner. 
    Juryen har vore Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen og dei skrive denne grunngjevinga: 
    «Årets vinnar av Nynorsk Litteraturpris

  • Forfattarens skriftstader

    Kva skjedde med kjøkkenet i Henrik Ibsens barndomsheim i Skien? Korleis blei Arne Garborgs skrivestove på Jæren ein minnestad? Kvifor blei det inga forsoning i Grimstad då byen skulle vere med og feire hundreårsjubileet for Knut Hamsun? Og kva skjer når Hans Børlis skrivestader blir minnestader?
    Desse og mange andre spørsmål får sine svar i antologien Forfattarens skriftstader, den første norsk

  • Nathaniel Farrell først ut i amerikansk gjendiktingsserie

    Nykommar av Nathaniel Farrell er første bok ut i Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi frå USA. Seinare i vår kjem Julian T. Brolaskis Råd til elskande og antologien Amerikansk samtidspoesi, ei samling med åtte toneangivande amerkanske poetar - redigert av Rune Hjemås og Mathias Samuelsen. Til hausten kjem Clauda Rankines Medborgar.
    Nykommar er den namnlause soldatens vitnesbyrd frå eit omski

  • Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

    Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag. Ho får prisen for boka «Keeperen og havet». Prisen er på 30 000 kroner og har blitt gjeve ut sidan 1968.
    – Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang tid framover, skriv juryen i grunngjevinga. 
    Maria Parr får prisen på Barnelitteraturfest på Samlaget i Oslo fred

  • Sterk samlivsroman frå Marit Eikemo

    Marit Eikemo tek for seg det moderne samlivet i si nye bok. Gratis og uforpliktande verdivurdering er ein underhaldande og overraskande roman om draumen om det perfekte liv.
    Hanne er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage, mens ho sjølv går på veggane i den same gamle leilegheita, med mann og to små barn. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andrea

  • Samlaget utvidar

    Det Norske Samlaget har dei siste åra har hatt stor suksess både litterært og økonomisk, toppa i fjor med m.a. Brageprisar til Olaug Nilssen og Maria Parr, og Elena Ferrantes kritikarroste bøker på bestseljarlista. No utvidar forlaget med ei ny forlagsredaktør-stilling innan norsk skjønnlitteratur og ein ekstra manusredaktør. Ettersom forlaget frå før også skulle erstatte to redaktørar og ein mark

  • Upubliserte dikt frå Olav H. Hauge i den nye boka "Seljefløyta"

    Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong i den nye boka "Seljefløyta"
    I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset Seljefløyta til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Debutsamlinga Glør i oska kom i 1946, med berre få dikt frå dette manuset. I denne nye Seljef

  • Fabelaktige kritikkar til Tore Kvævens roman "Når landet mørknar"

    Tore Kvævens episke roman frå Grønland på slutten av 1200-talet, Når landet mørknar, har fått seksar på terningane og fabelaktige meldingar.
     
    Mesterlig norsk roman! Tore Kvævens nye historiske roman om menneskene i middelalderen er så mesterlig og makeløst skildret at VGs anmelder måtte lese noen kapitler flere ganger.
    Tom Egeland, VG
    ... ein stor forfattar i ein sjanger som er heller

  • Lansering av fotoboka "Folk i vest" av Odd E. Nerbø

    Lanseringsarrangement på Norli Strandgaten i Bergen, 15.3. kl 20. Finn Tokvam intervjuar fotograf og forfattar Odd E. Nerbø.
    Dei siste par åra har Odd E. Nerbø gått rundt i Bergen med kamera og notisblokk og snakka med folk han synest ser interessante ut. I Folk i vest. Alle har ei historie møter vi 150 av dei. Asa Shimada, som fortel om den første gongen ho fekk ein klem frå mor si. Anton Joha

  • Sigrun Slapgard med sterk dokumentarbok om Latin-Amerika

    I "Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier" tek Sigrun Slapgard oss med på reisene sine på dette valdelege kontinentet. Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke. 
    Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det lat

Vis mer