Gå videre til innhold

Siste nytt

Sosiale medier

🍪Konkurranse🍪 Vinn Helle Berg Leirens favorittutstyr til muffinsbaking! Ein heldig bakar får muffinsbrett, muffinsformer, sprøytetippar, sprøyteposar og åtte ulike pastafargar 🥰 For å delta må du kommentere denne posten med ditt favoritt-bakverk. Vinnaren blir trekt fredag 20. november. Lykke til! Psst! Har du fått med deg bakeboka hennar? Helle tok Noreg med storm då ho vann Bakemesterskapet junior tidlegare i år. Med lekre bakverk og smakfulle kaker imponerte ho ein heil nasjon unge bakarar. No deler ho sine aller beste tips og triks for at både store og små kan lykkast på kjøkkenet. Kanskje får vi nokre forteljingar frå innspelinga og litt sladder frå bak kulissene også? Dette er ei bakebok som famnar om alt frå den heilt ferske som prøver seg framfor bakebollen for første gong, til den bakeglade som vil teste ut noko litt meir avansert. Helle deler sine favorittoppskrifter på alt frå brownies og cookies til kanelknutar og dekorative cupcakes. Her er noko for kvar smak, uavhengig om du har prøvd deg fleire gongar med slikkepotten i hand eller skal prøve for aller første gong. Bak med Helle høyrer heime i alle heimar med bakeglade barn!

Lucy er tilbake! 😻 Lucy er ei jente som klarer alt, absolutt alt. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli kjendis. Det er berre eitt lite problem: Det er ikkje så mange som kjenner til henne! Men dette er sjølvsagt ikkje til hinder for Lucy. Ho har nemleg klekt ut ein plan. I kjent stil har Ida Eva Neverdahl laga ein original og fargerik bokserie for dei minste. Lucy klarer alt. Kattekjendisen er andre bok med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Igjen får lesaren bli med på alt det rare ho finn på for å gjere kvardagen ekstra gøyal. Ute no!

✨JULEROSER PÅ DET NORSKE TEATRET✨ I desember inviterer Herborg Kråkevik, Erlend Loe og Espen Lind til ein varm førjulsfest på Hovudscenen! Med Juleroser har Herborg Kråkevik løfta fram ein rik, norsk juletradisjon og fylt den med nytt innhald. I 2026 kjem det litterære juleheftet i si tolvte utgåve med Kråkevik som redaktør. Det blir også fjerde gong du kan oppleve nokre av høgdepunkta på scenen, når Det Norske Teatret inviterer til den etter kvart tradisjonsrike juleframsyninga på Hovudscenen. Espen Lind har skrive årets julelåt «Søraførr her», om lengsel etter å dra heim igjen, til fjell og fjord i nord. Den framfører han på scenen i årets julekonsert 12. og 13. desember. Erlend Loe har skrive teksten «Riesenschnauzer», om den jula han tok ein uspesifisert «hopp-på-tur» til Kanariøyane heilt åleine, og om hunden han møtte der. Han er med på scenen på alle framsyningane. I tillegg møter du Musti (20. desember), Birkelunden Mannskor, band og skodespelarar frå Det Norske Teatret. Vi kan love musikk, forteljingar, humor og tradisjonsrik julestemning. I spissen for det heile står seremonimeister Herborg Kråkevik. Billettar finn du på detnorsketeatret.no 🥰🎄

Trude Tjensvolds «Hopp i havet!» er nominert til Brageprisen for beste sakprosabok for barn og unge! Juryen kallar boka «ei skikkeleg opplevingsferd gjennom havet» før dei held fram: «I første del blar vi oss djupare og djupare ned i havet og får møte mange av dei ulike artane som lever der. Deretter snur vi boka og blar oss opp att gjennom havet sine landskap. Dette er engasjerande og leiken fagfor-midling som vekker både undring og lærelyst.» Dette er så stas! Gratulerer, Trude 🥰

Fem profilar, fem bøker, ein vinnar. Gjennom heile oktober har titusenvis lesarar valt seg lag og bok i Leseklubbens Boktober-konkurranse. I dag kan vi gratulere Sigrid Bonde Tusvik, Agnes Ravatn og «Fugletribunalet» med sigeren!🎉 Sigrid har på eminent vis losa sine medlesarar gjennom Boktober og boka «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn. Med sin leselyst og smittande engasjement har ho klart å få flest menneske til å melde seg på Boktober og laget «De skandaløse». Takka vere dette har «Fugletribunalet» vore på bestseljarlistane til bokhandlane heile månaden og ført til lange ventelister på biblioteket. Hurra og gratulerer 🥳

Årets Juleroser er her! Erlend Loe tar oss med på ein ellevill sydentur i førjulstida, rikt illustrert av Martin M. Hvattum. Kristian Krohg Sørensen har illustrert Gunnar Staalesens juleforteljing om Varg Veum og den bortkomne sonen. Mona B. Riise gjev oss ei hjartevarm forteljing om tantene i Danmark som laga jul til ho i barndommen, og Musti skriv dikt! Janne Stigen Drangsholt skriv om fuglar i litteraturen, og Espen Lind har laga ei ny nordnorsk julesalme: «Sørraførr her»! Hovudtemaet i årets hefte er fuglar – i fugleneket, på fuglebrettet og som pynt på juletreet, eit symbol på fridom, men også noko av det aller minste og mest sårbare livet i naturen. I religiøse og mytologiske forteljingar symboliserer fuglane ofte sjela og ånda. I ei tid som er tung og krevjande for jorda og menneska, er biletkunsten og litteraturen viktige lyspunkt og trådar inn til håp og fellesskap. Juleroser er fullt av spennande og vakker kunst og gir deg både ein kjærkomen pause og meiningsfullt påfyll i julestria. Årets Juleroser har elles bidrag frå mellom andre Marit Eikemo, Brit Bildøen, April Alexandersdottir og Lina Undrum Mariussen.

I fjor sommar arrangerte Samlaget ein skrivekonkurranse i samarbeid med Fabel. 158 forfattarar kjempa om å bli lydserieforfattar, og til slutt enda barnebokforfattar Thoralf Fagertun opp med å ta førstepremien i konkurransen. For ei veke sidan hadde Theo aldri høyrt om planeten Nox. Men det var før kompisen Bompi fekk uventa besøk. No må Theo rømme frå blodtørstige romvesen og samtidig redde skapningane på Nox frå grådige gruvefolk. Men med hjelp frå robothunden Kim kan det vel ikkje gå gale? Gode råd for å redde romvesen er ein fartsfylt spenningsserie for barn mellom 9 og 12 år👽 Serien kan lyttast til på Fabel.

Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der. Dette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar. Aarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen.