Pressemelding —
Bak med Helle: Vinnaren av Bakemesterskapet junior deler favorittoppskriftene sine i ny bakebok
Helle Berg Leiren tok Noreg med storm då ho vann Bakemesterskapet junior på NRK tidlegare i år. Med lekre bakverk og smakfulle kaker imponerte ho ein heil nasjon unge bakarar. No deler ho sine aller beste tips og triks for at både store og små kan lykkast på kjøkkenet, i den nye bakeboka Bak med Helle.
Bak med Helle er ei bakebok som famnar om alt frå den heilt ferske som prøver seg framfor bakebollen for første gong, til den bakeglade som vil teste ut noko litt meir avansert. Helle deler favorittoppskriftene sine på alt frå brownies og cookies, til kanelknutar og dekorative kaker og cupcakes – noko for kvar ein smak!
I tillegg til søte oppskrifter deler Helle frå innspelinga av Bakemesterskapet junior og litt sladder frå bak kulissane. Ho deler raust frå sitt eige liv, kva som ligg bak interessa for baking og draumane om å ein gong opne sitt eige bakeri.
Helle fortel til journalist Maje Kjosbakken som har skrive boka.
Helle Berg Leiren (f.2013) kjem frå Norheimsund i Hardanger og er svært glad i å bake. I 2026 vann ho sesong 2 av Bakemesterskapet junior på NRK. Bak med Helle er hennar aller første bakebok.
Relaterte lenker
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.