Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Hiphop-kids inntek Hovudscenen

    ​Neste helg blir Hovudscenen til byens kulaste disco når Urban Art Attack med hiphop-dansande kids og sløye beats tek over teateret.

  • MONSTER OG MENNESKE

    Med Macbeth syner Shakespeare at det vanskelege ikkje er å gjere vonde handlingar. Det vanskelege er å leve med seg sjølv etterpå. I haustens første premiere skal Preben Hodneland og Ingeborg Sundrehagen Raustøl spele ekteparet som satsar høgt og fell djupt i jakta på makt og posisjon.

  • Norsk vår på Det Norske Teatret

    I dag la Det Norske Teatret fram repertoaret for våren 2017. Programmet er prega av sterk satsing på norsk dramatikk: Heile ni av tolv produksjonar er norske urpremierer.

  • Ny, norsk vår på Det Norske Teatret

    I morgon blir repertoaret for våren 2017 gjort offentleg. På plakaten står 11 premierer, og heile 9 av dei er ny, norsk dramatikk.

  • Nick Payne

    Dramatikar Nick Payne kom tilfeldig over historia om den forsvunne hjernen til Albert Einstein.

  • Den forsvunne hjernen

    ​I Inkognito er tre historier vovne saman over ein periode på 60 år. Dei undersøkjer tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske. To av dei tek utgangspunkt i personar og hendingar frå verkelegheita. Ein av dei er historia om Thomas Harvey; mannen som stal Albert Einsteins hjerne. - Ei historie som langt overgår fiksjonen...

  • Kan hjernen fortelje kven vi er?

    Visste du at hjernen til Einstein blei stole? I teaterstykket Inkognito møter vi patologen som reiste Amerika rundt med hjernen til Einstein i bagasjen.

  • Eugene O´Neill

    ​O´Neill blir rekna som gudfar for det moderne amerikanske dramaet.

  • Psykologi og tragedie

    O’Neill var inspirert av det tidlege 1900-talets interesse for psykoanalysen da han skreiv Sorga kler Elektra.

  • Eirik Stubø tilbake med suksessframsyning

    Eirik Stubøs genistrek av ei musikalsk teaterframsyning blandar familietragedie med liveframførte jazzlåtar. I oktober får Sorga kler Elektra nokre få ekstraframsyningar, og kjem rett frå Bergman-festivalen ved Dramaten i Stockholm.

  • Bjella med ny plate og teaterframsyning

    Stein Torleif Bjella er dobbelt aktuell: I dag lanserer han sitt nye album, 14. januar er det urpremiere på teaterstykket "Kan nokon gripe inn" med hans musikk og songtekstar på Det Norske Teatret.

Vis mer