Teaterungdom frå heile landet på scenen i Oslo
For sjuande året skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.
For sjuande året skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.
I dag la Det Norske Teatret fram repertoaret for hausten 2017. Med eit rikhaldig program, held teateret fram den sterke satsinga på norske urpremierer, men opnar Hovudscenen med Broadwaysuksessen The Book of Mormon, som endeleg kjem på norsk.
Det Norske Teatret hadde årsmøte søndag 23. april. Publikumstalet har dei siste seks åra lege på over 200 000, ein stabilitet teateret er særs nøgd med.
I dag, fredag 21. april, kom statsråd Linda Hofseth Helleland med meldinga om at regjeringa no tar grep for å rehabilitere Nationaltheatret. Dette er godt nytt for heile scenefeltet. Nationaltheatret er den fremste og kjæraste konkurrenten til Det Norske Teatret. Som to store, nasjonale teater i same by har vi målt krefter mot kvarandre gjennom tiår, og slik kontinuerleg skjerpa den kunstnarlege u
I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Geir Kvarme, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Ola G. Furuseth.
Dieserud og Lindgren ønskjer å stimulere barnas fantasi og evne til undring med framsyninga Drake-Zoo.
For første gong tek Det Norske Teatret 22. juli-problematikk til scenen med ei dramatisering av Brit Bildøens kritikarroste roman Sju dagar i august.
For karakterane i Som lauvet i Vallombrosa er livet tomt og vinglasa fulle. Alan Lucien Øyen, ein av våre mest spennande nye regissørar, har brynt seg på ein av nestorane innan skakk-køyrde familierelasjonar; Lars Norén.
Robert Wilson made history when he staged Peer Gynt the last time he visited Norway The famous director has now returned, and has been given the task of applying his signature touch to Norse mythology.
Regissør og multikunsnar Robert Wilson skapte historie da han sette opp Peer Gynt ved sitt førre Noregsbesøk. No er han endeleg tilbake, for å sette sin karakteristiske signatur på eit mytisk univers som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka for mange - vår eigne norrøne mytologi.
Det amerikanske indiebandet CocoRosie har spesialkomponert musikk til stjerneregissøren Robert Wilsons versjon av Edda på Det Norske Teatret.
Robert Wilson skapte historie da han sette opp Peer Gynt ved sitt førre Noregsbesøk. No er regissøren endeleg tilbake, for å sette sin karakteristiske signatur på eit mytisk univers som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka for mange - vår eigne norrøne mytologi.