Kulturnatt med urban Bikubekveld
Det Norske Teatret sparkar i gang haustens Bikubekveldar med gratis urban kunst-sjokk i samband med Oslo Kulturnatt.
Det Norske Teatret sparkar i gang haustens Bikubekveldar med gratis urban kunst-sjokk i samband med Oslo Kulturnatt.
Enorm interesse for nytt samarbeidsprosjekt mellom OBOS og Det Norske Teatret som gir gratis billettar til skolebarn.
Laurdag blir Det Norske Teatret fylt av danseglade barn som skal få prøve seg på sjølvaste Hovudscenen.
I 1910 blei den første samiske boka gitt ut. Boka handla om samiske reindriftsamar og var med på å endre folks oppfatning av det samiske folket. No har det blitt teater av forteljinga om mannen bak boka - Johan Turi.
Stein Winge skal stelle i stand festen før dommedag på Scene 2 i haust. Vi tok ein prat om eit liv i teateret.
Kva ville du nytta dine siste timar til? Ein skikkeleg fest, med døden som gjest?
Finst det likskapar mellom tankane som fer gjennnom hovudet til ein mann utan våpen som stiller seg opp framfor ei rad med tanks og ein mann som drep ungdomar for, med hans eigne ord, å forsvare Europeisk kultur? Kan ein i det heile snakke om to så ulike handlingar på same tid? Dramatikar Chris Thorpe gjer det.
Det er intense dagar på Hovudscenen når Broadway-musikalen er inne i sin siste fase.
"Vinduer" er ei framsyning om å migrere, frivillig eller under tvang, og viktigheita av bli forstått og gjere seg forstått.
Utandørsversjon av Haugtussa, Oskar Braaten, Jakob og Neikob, hip hop-workshop og taterhistorie står på programmet når Det Norske Teatret overrekker si gåve til kongeparets 80-årsdag på Oscarshall i helga. Gåva er meint å komme folket til gode.
Ei jente på 11 år har tatt livet sitt. Korleis kunne det skje? Kunne det ha vore forhindra? Kven har ansvaret? Foreldra? Skolen? 11 ÅR er ei teaterframsyning som tek i bruk dokumentarisk materiale for å fortelje ei historie om einsemd, skyld og forskyving av ansvar.
100 aktørar frå 35 ulike land står saman på scena med Kringkastingsorkesteret i framsyninga Fargespill - KORK, som gjorde braksuksess under Festspillene i Bergen. No kan Oslopublikumet glede seg til å oppleve det forrykande stemnemøtet mellom ulike kulturuttrykk.