Spennande teatersamarbeid med Kroatia
Kva skjer når fortida kjem for å ta deg? Når dei daude står opp for å ta fatt på dei uløyste oppgåvene og historia gjentar seg igjen og igjen?
Kva skjer når fortida kjem for å ta deg? Når dei daude står opp for å ta fatt på dei uløyste oppgåvene og historia gjentar seg igjen og igjen?
Repertoaret er ein god miks av humor, klassikarar, urpremierar og nyskrive familieunderhaldning. Peer Gynt, Macbeth og Jim Morrison er nokre av dei kjente rollene. Men også Bjarte Tjøstheim, Brille og HyPer. Regissørnamn som Frank Kjosås, Thomas Giertsen, Victoria Meirik og Bjørn Sundquist skal komme til å setje sitt preg på Det Norske Teatret i haust.
To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet på Hovudscenen. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.
Toralv Maurstad skal spele Peer Gynt i haustens storsatsing på Hovudscenen.
Kven var Cally Monrad, kvinna som tok jobben som teatersjef ved Det Norske Teatret under krigen? I sin dramatikardebut diktar Ruth Lillegraven seg inn i tankane hennar. Historia om Cally Monrad svinger seg frå dei store høgder som superkjendis, til eit historisk fall der skammen kasta skuggar over den siste delen av livet. I dag er ho nesten gløymt.
Snøfrid Svåsedotter var samekvinna som gifta seg med den norske kongen Harald Hårfagre, mannen som samla Norge til eitt rike. Framsyninga er ei dramatisk forteljing om maktkamp, intriger og kjærleikens magiske kraft.
Enorm interesse for nytt samarbeidsprosjekt mellom OBOS og Det Norske Teatret som gir gratis teaterbillettar til barn og unge. Sist haust var tilbodet retta mot barneskolen, denne våren er det ungdomsskolen og vidaregåande skole som er målgruppa.
Eit strengt patriarkalsk samfunn blir utfordra av ei ung kvinne. Ho bryt med fellesskapets normer, er blitt freista til sivil ulydigheit og har sett seg opp mot retningslinjene. Brotsverket hennar er at ho har tatt parti for den svake parten utan å ta omsyn til om eit slikt engasjement styrkar eller svekker posisjonen hennar. Vil motet og styrken vere det som til slutt feller henne?
Går det an å lage teater for barn med ein konsentrasjonsleir som bakteppe?
Haruki Murakami er Japans mest kjente og hylla forfattar her i Vesten, og namnet blir stadig nemnt mellom Nobelpris-kandidatane. No blir teaterversjonen av boka Kafka på stranda sett opp i Noreg for første gong.
Hiphop har vore lidenskapen til Boss Castro, Don Martin og Fela heile livet, og har for lengst blitt levebrødet deira. Tekstane tar ofte utgangspunkt i den delen av Oslo dei voks opp, ein stad der mange slit. Austkanten og konsertscenen er heimebane, no skal dei erobre ein ny arena; teaterscenen.
Kva ansvar har den enkelte for ei ugjerning alle var med på?