Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Dette er dei nye studentane ved Det Multinorske

    ​I dag fekk seks unge skodespelarspirer med bakgrunn utanfor Europa ei glad-melding om at dei er aksepterte som studentar ved Det Norske Teatret og Nord Universitet si treårige skodespelarutdanning, Det Multinorske.

  • Eit makalaust 2017 ved Det Norske Teatret!

    Det Norske Teatret har opplevd eit makalaust 2017! Det Norske Teatret hadde årsmøte laurdag 28. april og det var eit synleg stolt styre som presenterte eit historisk godt år for teateret. 2017 er med god margin det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie med 267 297 besøkande til framsyningar og arrangement.

  • Nye husregissørar ved Det Norske Teatret

    ​Tre nye husregissørar ved Det Norske Teatret Det Norske Teatret har tilsett heile tre nye husregissørar. Johannes Holmen Dahl, Kjersti Horn og Peer Perez Øian har alle takka ja til å vere med å prege repertoaret ved teateret. Desse vil vere del av den kunstnarlege staben ut perioden til teatersjef Erik Ulfsby, som grunngir valet av dei tre med at dei er blant Noregs mest spennande regissørar.

  • Spennande teatersamarbeid med Kroatia

    Kva skjer når fortida kjem for å ta deg? Når dei daude står opp for å ta fatt på dei uløyste oppgåvene og historia gjentar seg igjen og igjen?

  • Teaterhausten på Det Norske Teatret er klar!

    Repertoaret er ein god miks av humor, klassikarar, urpremierar og nyskrive familieunderhaldning. Peer Gynt, Macbeth og Jim Morrison er nokre av dei kjente rollene. Men også Bjarte Tjøstheim, Brille og HyPer. Regissørnamn som Frank Kjosås, Thomas Giertsen, Victoria Meirik og Bjørn Sundquist skal komme til å setje sitt preg på Det Norske Teatret i haust.

  • Eks-radikalisert ungdom til scenen

    To blei radikaliserte ekstremistar. Ein møtte radikalismen på andre sida av geværmunningen på Utøya. Det er sterke historier som blir fortalde av det unge ensemblet på Hovudscenen. Sanne og personlege historier om å ikkje passe inn, om å på ein eller annan måte bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.

  • Det Norske Teatrets ukjende NS-teatersjef

    Kven var Cally Monrad, kvinna som tok jobben som teatersjef ved Det Norske Teatret under krigen? I sin dramatikardebut diktar Ruth Lillegraven seg inn i tankane hennar. Historia om Cally Monrad svinger seg frå dei store høgder som superkjendis, til eit historisk fall der skammen kasta skuggar over den siste delen av livet. I dag er ho nesten gløymt.

  • Samekvinna som gifta seg med ein konge

    Snøfrid Svåsedotter var samekvinna som gifta seg med den norske kongen Harald Hårfagre, mannen som samla Norge til eitt rike. Framsyninga er ei dramatisk forteljing om maktkamp, intriger og kjærleikens magiske kraft.

  • Antigone - om å gjere det som er riktig

    Eit strengt patriarkalsk samfunn blir utfordra av ei ung kvinne. Ho bryt med fellesskapets normer, er blitt freista til sivil ulydigheit og har sett seg opp mot retningslinjene. Brotsverket hennar er at ho har tatt parti for den svake parten utan å ta omsyn til om eit slikt engasjement styrkar eller svekker posisjonen hennar. Vil motet og styrken vere det som til slutt feller henne?

Vis mer