Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Édouard Louis´ forsvarsskrift for faren blir teater

    Edouard Louis´ far er ikkje død enno. Men på mange vis er han det. Helsa er øydelagd, likevel må han jobbe. I Kven drap far min klandrar Louis styresmaktene for å vere mordarar gjennom politikken dei fører.

  • Ruth Lillegravens Sigd blir teater

    "Ei uvanleg vakker diktsamlig", sa juryen i Nynorsk litteraturpris om diktromanen Sigd av Ruth Lillegraven i 2016. Boka skal bli omsett til fem språk og er blitt nominert til den tyske litteraturprisen Hotlist. No blir dikta til teater.

  • Her er våren 2020 på Det Norske Teatret

    I dag la Det Norske Teatret fram eit rikhaldig og variert program for våren 2020. Klassikarar i moderne tolkingar, Brechts Tolvskillingsoperaen lagt til ei tenkt framtid, Jan Grønlis avskjedsframsyning og nyare dramatikk pregar teaterscenen denne våren.

  • Sjokoladefest på Hovudscenen

    Vidar Magnussen hadde sist regien på The Book of Mormon - no er han sjefskonditor når dei siste ingrediensane til Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken blir smelta saman på Det Norske Teatret.

  • Hiphop-verkstad for barn

    ​I helga blir Det Norske Teatret fylt av barn som skal få bryne seg på hiphop-elementa.

  • 14-åringar på livets roadtrip

    Den tyske ungdomsromanen Tschick - adjø Berlin er omsett til over 30 språk, filmatisert og spelt i teaterversjon på eit utal scener i Tyskland. No er den elleville historia om outsidarane Mike og Tschick klar for Noregspremiere.

  • Don Martin presenterer stemmer han likar

    Under konseptet Don Martin presenterer, viser han fram spennande stemmer han sjølv likar. Denne gongen er det Bård Torgersen, Musti og Fadlabi som vil dele dikt, historier og låtar.

  • Fargespill med Miss Tati

    I Fargespill møtest heile verda på ein scene. I år har dei fått med seg rap/R&B-artisten Miss Tati.

  • Grethe Ryen takkar av etter eit langt sceneliv

    Når skodespelar Grethe Ryen takkar av etter eit langt liv på scenen er det med orda til diktaren Olav Nygard, bondesonen som rakk å gi ut fire diktsamlingar før han døydde, knapt 40 år gamal.

  • Heidrar Jon Fosse med festival i 10 dagar

    Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret markerer at det i 2019 er 25 år sidan Jon Fosse debuterte som dramatikar, og i september fyller diktaren 60 år.

  • OBOS billettfond for skolar

    Det Norske Teatret og OBOS held fram med billettsamarbeidet. I haust kan skoleklassar oppleve Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken heilt gratis.

Vis mer