Pressemelding -

Sirkus Stensland

På Facebooksida si, har stortingsrepresentant Sveinung Stensland lagt ut eit sitat av den amerikanske journalisten og humoristen Robert Quillen – til ettertanke for alle som ikkje har tenkt nok over dette: «Diskusjon er en utveksling av kunnskap, krangel er utveksling av uvitenhet». Sidan Stensland er oppteken av helse, kan det i denne samanhengen vera på sin plass å nemna at Quillen, trass i årelange helseutfordringar, unngjekk legar og fortsette å røykja til sin døyande dag. Wikipedia seier ingenting om dette var grunna mangel på kunnskap, eller om han var ein kranglevoren fyr som ikkje viste sitt eige beste.

Twitter-politikarar

I laupet av den tida eg har følgt med på Stensland sin politiske karriere, er det ein del som tyder på at fyrste setninga i sitatet ovanfor ikkje er implementert som ein vedvarande del av han sin offentlege framtoning. Og han er ikkje aleina! Generasjonen av twitter-politikarar med sirkustendensar, har hatt god rekruttering dei siste åra, og kongen av alle er nå iferd med å abdisera – men kjem nok til å reinkarnera i annan skapnad med same fargeskala på paletten som han alltid har hatt: svart og kvit. Verda er enkel, det er berre å gjera slik eller slik, så ordnar resten seg. Om argumenta ikkje heng på greip, er strategien å berre dura fram i same lei og i tillegg koma med nokre anekdotiske innspel som media kan bruka som feite overskrifter – slik som: «jeg har snakket med kreftpasienter som er blitt kontaktet av alternative behandlere som tilbyr kurer, gull og grønne skoger. Nå må vi rydde opp i denne jungelen (VG)». Kven desse behandlarane er, kort stort omfang dei utgjer, er dei organisert osb? - ser ut til å vera uinteressant for Stensland. Og som eg har skrive tidlegare: den som har kritisert denne sektoren for utelukkande å koma med anekdotisk dokumentasjon, har eit spesielt ansvar for at saksutgreiingar ikkje byggjer på eit slik fundament. Spesielt når ein har eit tillitsverv som burde borga for at alle blir tatt på alvor og behandla på ein ryddig og sakleg måte. Dessverre er det mykje som tyder på at Stensland ikkje har teke til seg ein slik lærdom, men markerer andre forvaltningsprinsipp som kan minna om politiske fargenyansar eg ikkje skal nemna her. «Vi har mer enn nok utredninger, og vi har et Storting som elsker å vedta nye utredninger» - var det lett ironiske svaret til spørsmålet om ikkje mva på alternativ behandling burde fylgjast opp av ei forsvarleg utgreiing.

"Her er utdannings- og profesjonaliseringsnivået like ujamn som ein dårleg vedlikeholdt bygdeveg i Engerdal kommune."

Varslingar

Stensland sine varslingar om sterk inngripen i rammevilkåra for naturterapi og alternativ behandling, har aldri blitt møtt med dialog. Dei har tvert i mot blitt framført med generelle karakteristikkar av ein mangfaldig sektor som i juridisk forstand sorterer under Lov om alternativ behandling av sykdommer med forskrifter. Her er utdannings- og profesjonaliseringsnivået like ujamn som ein dårleg vedlikeholdt bygdeveg i Engerdal kommune. Likevel blir retorikken spissa mot at dette gjeld alle aktørar innanfor denne lova. I staden for å luka det ugraset som ikkje er ynskjeleg, sprøytar ein heller heile åkeren med politisk glyfosat-vedtak. Etterveksten etter slike radikale tiltak samsvarar ikkje alltid med det ein forventar. Målretta tiltak – som fagorganisasjonane i sektoren har etterlyst i mange år – ville derimot ha ført til utvikling i samsvar med det som var intensjonen i lova og forarbeida.

"Stensland sin farmasibakgrunn skal ikkje diskvalifisera han som politikar frå å meina noko om naturterapi og alternativ behandling."

Farmasibakgrunn og forsking

Stensland sin farmasibakgrunn, skal ikkje diskvalifisera han som politikar frå å meina noko om naturterapi og alternativ behandling – sjølv om yrkesmessig bakgrunn kan farga dei standpunkta ein kjem fram til. Det er likevel mykje som tyder på at det siste i litt for stor grad fargar Stensland sitt syn på sektoren, kombinert med eit anekdotisk kunnskapsgrunnlag. Det biokjemiske hegemoniet innan medisinen har skapt ein vitskap som på mange måtar underkjenner individualisert og persontilpassa behandlingspraksis og framhevar det ein i dag kallar for evidensbasert praksis, der kontekstfri tilnærming er målet. Den biokjemiske medisinen er som skapt for RCT-designet, men røyndomen og levd liv seier noko anna. Innan naturmedisinen er økologisk tenking grunnfundamentet for både å forstå sjukdom og utarbeiding av ein behandlingsstrategi der samanheng/samspel mellom ytre og indre faktorar er sentrale – både fysiske, psykiske, mentale og sosiale. Forskingsdesign og metodar må i framtida ta høgde for dette perspektivet, og innsjå at den offentlege medisinen si forståing av at lidinga her og nå er sjukdomen - at den er lokal og avgrensa i tid – ikkje gjev betre helse på sikt. Bruk av midlar/intervensjonar som primært motverkar eller dempar det lokale utslaget, skal me sjølvsagt bruka når dette er nødvendig – men ikkje i det omfanget me ser nå. Stensland bør koma seg opp av den einsidige biokjemiske og farmasøytiske djupmyra han er opplærd i, og innsjå at biverknadane og kostnadane ved medikamentell tilnærming og behandling av helseplager er eit aukande problem. Forsking på ikkje-medikamentelle eller låg-invasive behandlingsmetodar bør difor vera svært aktuelt framover – også ut i frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Her bør kost/nytte-analyser ved ulike behandlingar prioriterast.

Stensland bør også tona ned myten om det vel-dokumenterte behandlingsregimet innan offentleg helsevesenet. NNH har ved fleire høve påpeika at det å bruka forsking/dokumentasjon som avgrensingskriterium i samband med meirverdisaka, blir urimeleg i denne samanhengen (se lenker).

"Stensland bør koma seg opp av den einsidige biokjemiske og farmasøytiske djupmyra han er opplærd i."

Krangel og fåkunne

Stensland har varsla at «det kommer mer før jeg gir meg. Denne bransjen har litt for lenge fått operere under samme betingelser som ordinære helsetjenester». Når han her brukar nemninga «samme betingelser», er dette ei overdriving som burde fått korrekturlesaren i VG til å bruka rødpennen. Fritaket for meirverdiavgift på alternativ behandling er ikkje ei subsidiering av terapeuten, men av ei teneste som ein stor del av den norske befolkninga vurderer som nyttig helsehjelp – og som avlastar det offentlege systemet. Driftstilskot og tilbod om arbeid med løn innan statleg eller kommunal helseteneste, er det nok ingen av oss naturterapeutar som har opplevd.

Om ein på tampen skulle koma med eit godt råd til Sveinung Stensland, måtte det vera at han gjer sitatet til Robert Quillen om til eit repeterande mantra for å motverka politisk grøftekøyring og såleis heva ordskiftet opp til eit sivilisert nivå. NNH kjem til å tvihalda på at me er ein organisasjon som kviler på det sokratiske prinsippet om dialog, sjølv om media og Stensland ynskjer sirkus.

Related links

Emner

  • Helse, sykepleie, legemiddel

Kategorier

  • helsepolitikk
  • folkehelse
  • registeret for utøvere av alterantiv behandling
  • høyre
  • pasientsikkerhet
  • alternativ behandling

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjons visjon er at alle innbyggere, uavhengig av geografi og økonomi, får tilgang til et trygt naturmedisinsk tilbud både innenfor helseinstitusjoner, bedriftshelsetjenester, helsefremmende institusjoner og i privat praksis.

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjons formål er å være den øverste utøvende og rådgivende fagorganisasjon for norske naturterapeuter, samt bidra til naturterapiers utbredelse og tilgjengelighet slik at det er til gavn for det enkelte individ ved å forebygge sykdom og fremme helse.

Kontakter

Lidia Ivanova Myhre

Pressekontakt Generalsekretær 46824840

John Petter Lindeland

Pressekontakt Styreleder 94890152

Relatert innhold