Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Martha elskar kontakten med publikum

    Martha Standal Pavelich har for fyrste gang ei hovudrollene i ein av hovedproduksjonane til Opera Nordfjord. Ho er spent, men gledar seg til å gå på scena i Operahuset Nordfjord og formidle historia til karakteren Inga i Sildagapet. Her fortel Martha litt meir om tankane til ein ung solist og korleis livet i operafamilien Standal Pavelich er.

  • Komponist Helge Sunde om musikken i Sildagapet.

    Korleis har Helge Sunde jobba med musikken til Sildagapet og kva har inspirert han. No er det nær premiera og alle får muligheten til å ro inn i den musikalske horisonten med Helge og resten av mannskapet i Sildagapet.

  • Sildeoperakulissar på veg til Operahuset Nordfjord

    Det er mange frivillige i arbeid for å lage opera på Nordfjordeid i desse dagar. Sydamene har sydd nye kjolar, sydd inn og ut gamle klede og tilpassa kostyma til det lokale operakoret. Men det viktigast som skjer dei neste dagane, er at scena i operahuset skal forvandlast til ei travel sildefiskehamn med eit yrande folkeliv. Scenografien dannar den viktige fysiske ramma - no er kulissane på veg!

  • Sildeopera i rute medan 20-årsjubiléet i 2018 tek form!

    Hektiske førebuingar til årets storsatsing, tingingsverket Sildagapet, har prega dei siste månadane. Alt er i rute til urpremiere 4. oktober. Dataspelmusikk står på programmet 2. , 3. og 4. mars i Sogndal, Nordfjordeid og Ålesund! Den store jubileumsframsyninga hausten 2018 vert operaen La Bohème av Giacomo Puccin. Førebels er det nok å begynne å gle seg vilt og setje av vekene 40 og 41.

  • Opera Nordfjord innbyr til operadugnad

    Førebuingane til årets hovudproduksjon, Sildagapet, av Jostein A. Fretland og Helge Sunde, er i gong, og Opera Nordfjord ønskjer no velkomen til tidenes operadugnad fram til premiere 4. oktober.

  • Plakatkunstnar Inger Giskeødegård

    Opera Nordfjord har i år vore så heldige at Inger Giskeødegård har laga plakaten til Sildagapet som har framsyningar i Operahuset Nordfjord i oktober i år. Det er alltid spennande å inngå slike samarbeid då ein ikkje heilt veit kva ein får, men vi er særs stolte av resultatet.

  • Musikklinjekoret og Opera Nordfjord klare for turné

    Den verdskjende, amerikanske tenoren Evan Bowers er nettopp ankomen Nordfjord og er klar for første øving med Opera Nordfjord. Det er duka for ein gedigen Puccini-fest når 70 koristar frå Musikklinjekoret og operakoret og 40 profesjonelle musikarar møtast til dyst i Trivselshagen på Sandane i dag, før konsertturné i helga.

  • Billettsalet for Sildagapet opnar 1. mars

    Onsdag 1. mars kl.09.00 opnar billettsalet for Opera Nordfjord sin hovudproduksjon: Sildagapet - ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde.

  • Opera + sild = sant

    Kven skulle vel tru at vi nokon gong skulle komme til å tinge ein opera som skulle handle om sildefiske? Ikkje eg, men no har vi - i Opera Nordfjord - altså gjort det! Tru det eller ei, men onsdag 4. oktober vert det premiere på sildeoperaen Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde i Operahuset Nordfjord.

Vis mer