Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok: Fleire nærgåande skisser frå Erling Lægreid

    "Fleire nærgåande skisser" av Erling Lægreid inneheld 30 portrett av aktørar i norsk kultur- og samfunnsliv, som Lars Jacob Krogh, Kjell Erik Vindtorn, Arne Næss, Rolf Kirkvaag, Tron Øgrim, Harald Sverdrup, Arne Hestenes, Wenche Foss, André Bjerke, og Kenneth Sivertsen. Boka vert avslutta av ein lengre sjølvbiografisk tekst om Lægreids heimstad Årdal.

  • PRESSEMELDING: Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond til forfattar Ruth Lillegraven

    Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond er ein pris med to siktemål. Annakvart år går prisen til nokon som styrker banda mellom Noreg, Færøyane og Island, og annakvart år går prisen til ein ung nynorskforfattarar. I år går prisen til ein lovande ung nynorskforfattar, Ruth Lillegraven. Ho er verksam innan fleire sjangrar, og har markert seg både som lyrikar, romanforfattar og barnebokforfattar.

  • Aud Søyland ny heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

    Aud Søyland har arbeidd med nynorsk på fleire felt gjennom mange år. Ho er ein av dei fremste nynorske omsetjarane i Noreg, har arbeidd med Nynorsk ordliste sidan 80-talet og vore sekretær for rettskrivingsnemnda som utarbeidde ny nynorsk rettskriving (2010–2011). Andre heidersmedlemmer i Litteraturselskapet er Jon Fosse, Kjartan Fløgstad og Guri Vesaas.

  • SAMLAGSPRISEN 2012 TIL JØRGEN NORHEIM

    Norheim får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar i utprega europeisk stil. Forfattaren er nominert til både Brageprisen og Nordisk Råds Litteraturpris for bøkene sine. Tidlegare vinnarar av Samlagsprisen er m.a. Jon Fosse, Frode Grytten og Brit Bildøen. Prisen er på 25 000 kroner

  • PRESSEMELDING: Line Fuglehaug i P4 er tildelt Alf Hellviks mediemålpris 2012.

    Line Fuglehaug i P4 får Alf Helleviks mediemålpris 2012 for å ha vore trufast nynorskbrukar gjennom mange år i ein kommersiell radiokanal. Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn. Tildelinga er samrøystes. Prisen er på 10 000,-

  • LANSERING AV NY BOK OM WIKILEAKS 24.4.

    I den nye boka Statsfiende WikiLeaks tek Der Speigel-journalistane Holger Stark og Marcel Rosenbach fleire sider ved fenomenet WikiLeaks. WikiLeaks endra i løpet av nokre få månader nyheitsbildet i heile verda. Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta USA og andre statar så hardt?

  • Samlaget feirar Ragnar Hovland 60 år med stor fest og ny bok om forfattaren

    21.3. lanserer Samlaget Halvor Folgerø og Finn Tokvam si intervju- bok om og med jubilanten, Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland. ”Ragnar Hovland – 60 år i svevet” fest for jubilanten i Losjen i Bergen fredag 23.3. kl 20. Ope publikumsarrangement. Odd Nordstoga, Finn Erix, Maria Parr, Agnes Ravatn, Olav Stedje er blant dei som hyllar Hovland.

  • PRESSEMELDING: Hulda Garborg 150 år

    I morgon, onsdag 22. februar, er det 150 år sidan Hulda Garborg blei fødd. Med biografien om Hulda Garborg har forfattar Arnhild Skre løfta fram den nasjonale strategen til å bli Bragevinnar, kjendis og boksuksess i året før ho fylte 150. Boka Hulda Garborg. Nasjonal strateg er no komen i 4. opplag.

  • PRESSEMELDING: AINA BASSO MED NY ROMAN OM HEKSEPROSESSANE I FINNMARK

    Aina Basso er aktuell med ny ungdomsroman om hekseprosessane i Finnmark, Inn i elden. Samlaget lanserer boka under Finnmark Internasjonale Litteraturfestival 29.2. I løpet av 1600-talet vart rundt 80 ”trollkvinner” dømde til døden i Finnmark. Dette er det dramatiske bakteppet for Inn i elden, historia om to unge jenter som hamnar på kvar si side i den grufulle heksejakta.

  • Samlaget presenterer haustens bøker 17.8. kl 10

    Samlaget presenterer haustlista 17.8. kl 10, på Litteraturhuset i Oslo. Fleire av haustens forfattarar vil vere til stades: Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Marit Eikemo, Olaug Nilssen, Sylfest Lomheim, Sigrun Slapgard, haustens debutantar m.fl.

Vis mer