Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Tre nye romanar av Elena Ferrante på norsk

    Napoli-kvartetten av Elena Ferrante har slått stort an i Noreg, både blant kritikarane og boklesarane. Eit unisont kritikarkorps har trilla seksarar og kallar verket eit av dei største romanverka i vår tid. Bøkene har snart runda eit sal på 300 000. Samlaget kjem no med dei tre romanane Ferrante skreiv før Napoli-kvartetten. Svikne dagar kjem 8. mars 2017, Den dunkle dottera i september 2017 og Kv

  • Nytt Syn og Segn ute: om bunad og Jesus, Erna og Finnmark

    Bunad og Jesus, Erna og Finnmark

    Syn og Segn har levert sakprosa i 123 år, og fornyar seg stadig. I siste utgåve er det temanummer om bunad og folkedrakt, stor samtale med forfattar Thorvald Steen, tekstar om Jesus og Finnmark, statsminister Solbergs tre nyårstalar og korleis det er å vere sensitiv. 
    BUNAD: Dei norske bunadane har ein særskild posisjon i medvitet åt nordmenn. Kva slags r

  • Federico García Lorca i ny gjendiktning ved Ragnar Hovland og Tove Bakke

    Grøn eg vil ha deg grøn er ein ny gjendiktning av ein av dei viktigaste poetane i verda, Federico García Lorca.
    Lorca reknast blant verdas viktigaste diktarar i det 20. hundreåret, og er elska av stadig nye generasjonar, ei sjeldan ære. Han blei fødd i 1898 nær Granada og myrda av Francos politi i 1936. Uvanleg musikalitet, sensualitet og bildeskapande evner kjenneteikner alt han gjorde. Lorcas

  • Finnegans Wake på norsk

    Eit av litteraturhistorias mest særeigne verk, James Joyces Finnegans Wake kjem på norsk, på Samlaget. Leif Høghaug står bak det ambisiøse ometjararbeidet.
    Finnegans Wake kom ut i 1939 og blir framleis rekna som eit av dei mest særeigne verka frå det 20. hundreåret. Det blei James Joyces siste verk, han brukte 17 år på det, og han rekna det sjølv som hovudverket sitt. Finnegans Wake er skrive p

  • "Advent" - Islandsk klassikar endeleg på norsk

    Advent er ei lita forteljing om eit stort menneske, ein variant av legenda om den gode hyrden. Den islandske klassikaren er basert på ei faktisk hending, om Benedikt Sigurjónsson som kvar førjulstid i tjueseks år har vandra opp i fjella med hunden og bukken sin for å finne bortkomne sauar. I 1925, det tjuesjuande året, blir det hardare enn nokon gong. Benedikt har følgje av nokre menn som gir opp

  • Mette Karlsvik klar med ny roman frå Island, "Varmá"

    Karlsvik har vunne m.a. Sæterbakkens minnepris og Vesaas-prisen og var nominert til Brageprisen for romanen Bli Björk. Ho har lengre tid vore opptatt av, budd på, og skrive om Island. No er ho igjen klar med ei bok som kretsar om Island, Varmá.
    Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, rein

  • Ruth Lillegraven nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er"

    Ruth Lillegraven er nominert til Brageprisen for barneboka "Eg er eg er eg er". 
    Eg er eg er eg er skildrar korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.
    Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen.
    Ruth Lillegraven har leita i eigen barndom i arbei

  • Are Kalvø med ny bok

    LANSERING: BIKUBEN PÅ DET NORSKE TEATRET 13.10. KL 17.30
    Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til fleire komiprisar og til Hedda-prisen.
    I den nye boka "Are Kalvø på scenen" kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklage

Vis mer