Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Doublougprisen 2019 til Olaug Nilssen

    Olaug Nilssen har fått Dobloug-prisen 2019 saman med Johan Harstad.  Prisen er på 200 000. Nilssen takka velferdsstaten i talen sin og gir bort ein tredjedel av prispengane øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning. Prisen vart delt ut på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer tysdag kveld.
    Dobloug-prisen vart oppretta i 1938

  • Olaug Nilssen klar med farse frå bokbransjen

    Olaug Nilssen har opplevd ein enorm suksess med romanen Tung tids tale, som både vann Brageprisen og har eit  opplag på 40 000. 16. mai er Nilssen klar med noko heilt anna. Ikkje tenk på det er ei slagferdig og uhøgtideleg farse i seks scenar frå bokbransjen.
    Forfattaren Oddlaug Nilstun har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag etter at skrivinga har gått i stå. Saman med Siss og Unn,

  • Hallgeir Opedal aktuell med boka "Heim. Ei vandrehistorie"

    Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til plassen der han voks opp. Han pakkar sekken, låser leilegheita og vandrar vestover mot Hardanger. Framføre seg har han nær 400 kilometer med asfalt.
    Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for vandringa, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei føre

  • Ny novellesamling frå Anna Gavalda på norsk; "For ope hjarte"

    Anna Gavalda er elska av lesarar over heile verda. I For ope hjarte byr ho på sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske.
    Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva – den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fa

  • ​Sokneprest Andersson-Ryssts pris går til den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.

    Sokneprest Andersson-Ryssts pris går i 2019 til den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson. 
    Frå juryen: "Han har gjeve oss dei mest fantastiske historier frå ein islandsk utkant dei færraste har besøkt, men som likevel fortel oss noko grunnleggjande om oss sjølve og kva som står på spel i vår tid. Han skriv med ein slik nærleik og inngåande kjennskap til liv og lagnad på Strandir, i det no

  • Mediemålprisen 2019 til Gjermund Erikstein-Midtbø

    Mediemålprisen for 2019 er tildelt Gjermund Erikstein-Midtbø.
    Tekst frå juryen: 
    "27-åringen får prisen både fordi han har ei god og trygg språkføring, og fordi han har synt eit sterkt engasjement for nynorsken i arbeidet som fast tilsett journalist i NRK Buskerud.
    Gjermund Erikstein-Midtbø, fødd og oppvaksen i Bø i Telemark, nyttar eit klårt og tydeleg telemarksmål. Den lette og munnlege

  • Ny roman om kjærleik i tinder-appens tid

    Det er tre menn i Håkons liv. Det lange forholdet til Arve er trygt og velkjent, men dei siste åra har Arve blitt meir og meir dominerande. Stig er målretta og trygg på seg sjølv, og han inkluderer Håkon i draumane om rekkehus og eit ukomplisert A4-liv. Thomas har svarte krøller og eit smil som får Håkon til å miste pusten når dei møtest til tilfeldig sex ein ettermiddag i januar. Resten av året b

  • Stor interesse i utlandet for norsk bok om mørke

    Winje Agency melder om stor interesse for Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse som kom ut på norsk i februar i år. Boka er allereie selt til sju språk; engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk, polsk, tsjekkisk og tysk. Utanlandske forleggjarar peikar på at Sigri skriv om mørke på en måte som treff lesaren på ein eksistensiell måte. Sandberg gjer lesaren klar over at m

  • Nynorsk litteraturpris til Brit Bildøen for "Tre vegar til havet"

    Brit Bildøen får Nynorsk litteraturpris for romanen Tre vegar til havet. Prisen er på 30 000. Tre vegar til havet kom ut til strålande meldingar hausten 2018. I boka skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine

  • Sørlandets litteraturpris til Tore Kvæven

    I dag fekk Tore Kvæven Sørlandets Litteraturpris for romanen Når landet mørknar.
    Kvæven har tidlegare fått Brageprisen for boka med handling frå Grønland i mellomalderen. Når landet mørknar vart kalla eit mesterverk av kritikarane då ho kom ut i 2018, og fekk gjennomgåande svært gode meldingar.
    Meir om boka:
    Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Ette

  • Ny biletbok om dyras beste sjekketriks

    I Dyras beste sjekketriks tek Malin Hellebø frå NRKs dyrevenn og illustratør Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.
    Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imp

  • Rakel Solstad med roman frå internatoppvekst i Finnmark; "I for internatunge"

    I den nye romanen I for internatunge gir Rakel Solstad oss eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 1950- og 60-talet, då over ein tredjedel av alle barn i fylket frå sjuårsalderen blei plasserte på internat. Internatbygginga var motivert mellom anna av at alle barn skulle ha skulegang, og av ønsket om å fornorske den samiske og kvenske befolkninga.
    Solstad har skrive ein roman med vare, s

Vis mer