Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok om alderdomssjokket som ein dag tek oss alle

    Åsmund Bjørnstad skildrar i Konfirmasjon til alderdommen sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.
    Dikta i Konfirmasjon til alderdommen

  • "Einars bok"- om å bere eit barn gjennom det alle vanskelegaste

    Einar var eit barn som fryda seg over å oppdage verda. Han elska å gøyme seg i hyller, rulle i graset, bygge tårn og ake på madrass ned trappa. Han kunne gå kor langt som helst, om foreldra heldt han i handa. For sleppte dei taket, datt han.
    Rett før Einar fylte to, fekk familien ein beskjed som øydela mange draumar: Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt.

  • Debuterer med feministisk diktsamling om einsemd og lausriving

    Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar - for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord - og frå jord til kvinne igjen. 
    Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det me

  • Røyndom vart til novellesamling

    Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt.
    Rapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn.
    Ei kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barneba

  • Tone E. Solheim aktuell med debutroman om kjærleik og identitet

    Tone E. Solheim debuterer med ungdomsromanen Svarttrasta syng om natta, ei historie om indre stormar og store sakn.
    Romanen handlar om Edith, som hatar alt og alle. Ho blir kviskra om i klasserommet, og ønsker mest av alt å kunne forsvinne heilt og fullt. Det er Edith mot verda. Parallelt med Edith si historie møter vi Martha. Jenta som elskar Beatles og saknar far sin, og prøver å sjå det best

  • Ny bok om den norske vindmøllekampen

    I den nye boka Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør som kjem 24.2. undersøker forfattar Anders Totland kvifor motstanden mot vindkraft har eksplodert i Noreg.
    Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssak

  • Maren Uthaug klar med ny roman om københavnsk gravferdsfamilie

    I sin nye roman Ein lykkeleg slutt  fortel Maren Uthaug med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.
    Nicolas er konsulen

  • Debuterer med roman om fattigdom, klassereise og familierelasjonar

    I debutromanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som bind foreldre og barn saman. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin? Ramma for handlinga i boka er dei store endringane som skjedde med familar på bygda i Noreg i etterkrigstida med industrialiseringa og utdanningsrevolusjonen, ikkje minst i landbruket.

Vis mer