Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Det Norske Teatret og Samlaget inviterer til skrivekonkurranse som speglar samtida

    Det Norske Teatret og Samlaget inviterer til skrivekonkurranse i samband med Fossefestivalen 2021 i september. Juryen er på jakt etter historier, erfaringar og forteljingar som kan bli til bok eller framsyning på scenen.
    Utgangspunktet for konkurransen er at norsk litteratur og scenekunst må spegle samtida vår. Kunsten skal vere relevant for alle, uavhengig av kulturell bakgrunn. No ønskjer vi

  • Jon Fosse, Helene Guåker og Bjørn Hatterud nominerte til Kritikarprisen

    Samlaget har heile tre nominerte til Kritikarprisen i år. Helene Guåker som også var nominert til Brageprisen er nominert i kategorien for beste barne- og ungdomsbok med Høgspenning. Livsfare. Juryen seier: "Det er rørende å lese om Leas kamp mot psykisk sykdom og den tyngende taushetskulturen som omgir henne. Boka kjennes betydningsfull, ikke minst fordi mentale lidelser fremdeles er stigmatisert

  • Ny diktantologi til nybakte foreldre; "Det største i livet"

    Då Kristin Storrusten og Ingunn Hamran vart mødre mangla dei ord for den store og overveldande opplevinga. I den nye diktantologien Det største i livet. Dikt til deg som har fått barn har dei samla dikt som set ord på dei nye kjenslene og oppdagingane. 
    Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere

  • Alice Oswald for første gong i norsk gjendiktning


    Alice Oswald blir rekna som ein av dei aller viktigaste nolevande poetane i Storbritannia. Nylig vart ho utnemnd til Oxford Professor of Poetry. No vert Oswald for første gong gitt ut på norsk i Paal Helge Haugens gjendiktning. Ingen (Nobody, 2019) er den åttande diktsamlinga hennar.

    Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien

  • Lyrikkdebut om klima, tid og formødre

    I debutboka Flør av Krista Lien Indrehus reiser eit barnebarn til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget.
    Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slu

  • Ny roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val

    Lyden av to hender er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.

    Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til
    Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den

  • Åshild Moldskred med ny barnebok om korleis å bli tøff på to veker

    Med Berre hopp! har Åshild Moldskred skrive ei barnebok om mobbing, utanforskap og det å leve med eit handikap.
    Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis.
    Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebr

  • Tor Jonssons "Dikt i samling" med med tidlegare upubliserte dikt

    14. januar er det 70 år sidan Tor Jonsson tok livet sitt. No kjem Nærast er du når du er borte. Dikt i samling som er den mest komplette diktantologien frå ein av våre mest folkekjære og markante lyrikarar. 
    Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. «Eg åtte ikkje kjæ

  • Kari Stai med ny illustrert barneroman

    Jakob og Neikob-forfattar Kari Stai er aktuell med ein illustrert barneroman om dei store tankane og funderingane mange unge balar med i overgangen mellom barn og ungdom. 
    Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.
    For Sofi er så fin at Juri mistar pus

  • Olaug Nilssen nominert til P2-lyttaranes litteraturpris for "Yt etter evne, få etter behov"

    Olaug Nilssens roman Yt etter evne, få etter behov er nominert til P2-lytteranes romanpris. Frå før er boka nominert til Brageprisen,  Bokhandlarprisen og Ungdommens Kritikapris. Boka kom ut i oktober til strålande kritikk.
    Nilssen hadde også ein formidabel suksess med sin førre roman Tung tids tale (2017) som vann Brageprisen og no har eit samla opplag på over 40 000. Nilssen traff lesarane me

  • Nynorsk på topp: Alfred Fidjestøl og Harald Nortun nominerte til Bokslukerprisen

    Aldri før har ei nynorskbok blitt superfinalist i Bokslukerprisen. I år er heile to av fem finalebøker utgitt av Samlaget. 
    Alfred Fidjestøl er nominert for sakprosaboka Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius, som òg var hans barnebokdebut, medan Harald Nortun går til finalen med si femte bok for barn og ungdom, Brageprisnominerte Blå flaggermus.
    I haust har omlag 120.000 barn på mellom

Vis mer