Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Lansering av boka "Skredet. Ein far, ei dotter og kampen for livet" av Bjørn Asle Nord

    Lanseringsarrangement i Geilo Kulturkyrkje 19.3. kl 19. Meir om arrangementet her: https://bit.ly/3taCe9v
    15. mars 2017 går det eit enormt snøras nær fjellet Gråskallen på Haugastøl. Eit tysk turfølgje på seks er på skitur i området i eit forrykande uvêr. 23 år gamle Adina Lange blir nedgraven i snømassane. Ho ligg fanga halvannan meter under snøen og kan berre røre eit par fingrar i eine votte

  • Jon Fosse kan vinne Den internasjonale Bookerprisen for siste band i Septologien

    Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Bookerprisen for det tredje og avsluttande bandet i Septologien, Eit nytt namn som kom ut i fjor haust. Den internasjonale Bookerprisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk. Prisen er på 60 000 pund. Fosse var også nominert for den gjeve prisen for band ein av Septolo

  • Arne Henning Årskaug ute med ny prosasamling; Skap & Sørg

    Skap & Sørg av Arne Hennings Årskaug er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvil

  • Leonora Carringtons surrealistiske meisterverk "Høyreluren" endeleg på norsk

    «Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith sagt om Leonora Carringtons meisterverk Høyreluren frå 1974.
    Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen hen

  • Jon Fosse nominert til Dublin Literary Award og Kritikarprisen

    Band to av Septologien III-V Eg er ein annan er på langlista til prestisjeprisen Dublin Literary Award.  Prisen er på 100 000 euro og går til ei bok skriven på engelsk eller omsett til engelsk. Blant tidlegare vinnarar finn ein Orhan Pamuk, Per Petterson og Michel Houllebecq. Tredje og avsluttande band i storverket, Septologien VI-VII Eit nytt namn, er i tillegg nominert til Kritikarprisen.
    Sep

  • Atle Berge aktuell med roman om konkurransesamfunn og supportarkultur

    I Atle Berges nye romanen Diskursteori for barn og fulle folk tek jordmor Arne Fjørtoft eit oppgjer med konkurranse- og effektiviseringssamfunnet. Arne meiner sjølv han lever eit godt liv. Han elskar kona si, Hulda, og han har ein meiningsfull jobb og tre konkurransedyktige avkom. På fritida har han gleda av å vere del av eit større fellesskap som omreisande Brannsupportarar. Det irriterer han der

  • Vårlista til Samlaget

    På vårlista til Samlaget finn du bøker om bokbål, eit dramatisk skred, Jakob og Neikob, sledehunden Foxi, habituell abort, og omsette bøker av m.a. Elena Ferrante. Olga Ravn og Maren Uthaug. Lista tel fem skjønnlitterære debutantar; Stine Fuglaas Bonsaksen, Thor Magnus Tangerås, Ingelin Westeren, Hege Blom og Therese G. Syversen. Forlaget kjem med fem nyutgivingar av Ragnar Hovlands bøker i høve 7

  • Stine Fuglaas Bonsaksen debuterer med med boka "Habituell abort"

    I debutboka Habituell abort skriv Stine Fuglaas Bonsaksen opprivande og oppriktig om spontanbort. For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid - utfordringa er å halde på barnet. For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så

  • "Septologien" av Jon Fosse vert hylla av meldarar verda rundt

    Septologien av Jon Fosse er no ute på tjue språk.  Storverket har fått meldarar verda over til å ta fram superlativa. Eit kjenneteikn ved meldingane er vekta dei legg på kor intens og annleis lesaroppleving dette er. The New York Review of Books kallar lesinga "ei meditasjonshandling" og for The Guardian er dette "eit nådelaust oppslukande verk". Weekendavisen seier "Dei sju bøkene reiser seg som

  • Ottar Grepstad er aktuell med boka "Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005"

    «Jeg fatter ikke at vi kunne gjøre noe så dumt. Det er jo å gi alle argumentene til motparten. Den som har tent det første bokbålet, er for alltid skjendet.» Ole Paus
    I Europa har bøker brunne i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur.
    I Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005 avslører Ottar Grepstad at det brann fl

Vis mer