Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Elena Ferrantes siste roman; "Dei vaksnes løgnaktige liv" blir Netflix-serie

    Elena Ferrantes siste roman Dei vaksnes løgnaktige liv blir TV-serie på Netflix og har premiere 4. januar 2023. Elena Ferrante har skrive manuset i samarbeid med Laura Paolucci, Francesco Piccolo og Edoardo De Angelis. Det er det italienske produksjonsselskapet Fandango som står bak serien, som dei og gjorde med HBO-serien basert på Ferrantes Napoli-kvartetten (My brilliant friend). Serien er re

  • Janove har laga årets Juleroser-song

    Saman med Trond Bersu og Kristoffer Bonsaksen i Highasakite har Janove laga årets Juleroser-låt. Carnaby Jul kjem ut fredag 21. oktober.
    4.11 kjem årets Juleroser ut. Herborg Kråkevik er redaktør for det kritikarroste juleheftet, og kvart år får ein artist det ærefulle oppdraget med å bidra med ein nyskriven julesong til heftet.

    - Teksten til Carnaby Jul er inspirert frå samtaler rundt

  • Diktsamling for barn av Marit O. Kaldhol

    På ei trapp i universet er ei ny samling dikt for barn frå Marit O. Kaldhol. Dikta byr på undring og refleksjon om kor vi kjem frå, frå universets byrjing, til deg og meg.

  • Filmrettane for "Til jord skal du bli" av Anders Totland er selde til Paradox film

    Romanen som nylig kom ut handlar om den pensjonerte presten Jacob Juul som i løpet av få dagar blir enkemann, bestefar og mordar.
    Produsent Finn Gjerdrum i Paradox er svært nøgd med rettigheitskjøpet:
    -Då eg begynte å lese Til jord skal du bli vart eg umiddelbart gripen av det drivande tempoet, karakteren, humoren og ikkje minst av universet. Her er det ein film, tenkte eg, og den vil eg

  • Eli Strand er aktuell med boka "Eg er her enno. Livet med kreft"

    I boka som kjem 20.10 skriv Strand ærleg og rått om korleis det er å leve med ein alvorleg kreftdiagnose.
    Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo 20.10.: https://fb.me/e/23ck3ax4Z
    Den 6. desember 2019 er ein mild førjulsdag i Oslo. Eli Strand har vore hoven i ein fot, og skal på ein rask sjekk hos legen. Ho fryktar ingenting. I løpet av dagen får ho vite at ho har fått tilbakefall

  • Biografien "Berge Furre. Eit liv i rørsle" av Arnhild Skre kjem 21.10.

    I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske. Biografien er skriven av forfattar og journalist Arnhild Skre og kjem ut 21.10.
    Lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo tysdag 25.10. Skre i samtale med Hans Olav Lahlum: https://www.facebook.com/event...

  • Jon Fosse på kortlista til National Book Award

    Jon Fosse er ein av fem på kortlista til den amerikanske prestisjeprisen National Book Award i kategorien omsett skjønnlitteratur. Fosse er nominert for tredje band av Septologien VI-VII; Det nye namnet.
    Romanen vart lansert i USA i fjor haust til svært gode meldingar.
    Utgåva på engelsk er gitt ut med tittelen A New Name, og Damion Searls står bak omsettinga.
    Les meir om nominasjonen he

  • Vidareføring av Forfattarskulen for skrivande med minoritetsbakgrunn

    Samlaget er glade for at regjeringa ser behovet for å oppretthalde støtta til nynorsk litteratur på omlag same nivå som for 2022. 
    Dette budsjettforslaget betyr at Samlaget og Minotenk kan vidareføre Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring på omlag same lest som i år. Vidare at den omfattande og ressurskrevjande satsinga på litteratur for barn og unge kan halde fram. Budsjettforsla

  • Terje Tørrisplass klar med ny diktsamling, "Vegemot"

    I diktsamlinga Vegemot får lesaren innblikk i endringar, i eit sjølv, i ei tid og i naturen som omgir oss, gjennom tilbakeskodande sveip. Her er livslinjer som kryssar kvarandre, men som ikkje alltid møtest, lik linjene i horisonten som heile tida peiker mot noko anna, fortidig eller framtidig.
    Dikta i Vegemot  handlar om å kjenne seg heime i eit landskap, utan at alt er falle på plass i livet

  • Fredag kjem biografien om Liv Signe Navarsete; "Eg veit kva eg snakkar om!"

    I biografien som kjem fredag, Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om! opnar den tidlegare Sp-leiaren opp om store gjennomslag og bitre nederlag. Og ho fortel om forholdet til Oslo-eliten og møta med maktarroganse og ufine mannfolk. Boka er skriven av Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende. 
    Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho møtt

  • Ny bok: "Sy & sy om: redesign gamle plagg og tekstilar" av Christine Fure Schwarz

    Klar for nye, kreative prosjekt? Med denne boka lærer du å sy trendy klede med det du har i skåpet frå før.
    Dei beste plagga er dei med ei historie, og den historia kan ein fortelje ved å sy sine eigne klede. Sy-entusiast Christine Schwarz er oppteken av miljø og av å sjå moglegheiter i plagg og tekstilar ein alt har kjøpt og belasta naturen med. For det er ikkje alltid så mykje som skal til fø

  • Ny bok; "100 handlaga gåver", av Ingvild Grane, viser korleis du kan spare penger og miljøet

    I boka 100 handlaga gåver viser Ingvild Grane korleis du kan spare pengar og miljø med å lage gåvene dine sjølv. 
    Året er fullt av dagar der du gir og får gåver. Di fleire gåver me kjøper, di meir belastar me både naturen og lommeboka. Med denne boka vil Ingvild Grane inspirere oss til å tenke nytt om kva ei gåve kan vere. Her finn du tips til 100 gåver ein enkelt kan lage sjølv gjennom heile å

Vis mer