Pressemelding —
29.05. kjem Anna R. Folkestad med tre nye bøker i Samlaget sin lettlest-serie "Visste du at...?"
Visste du at blekkspruten har tre hjarte og ni hjernar?
Visste du at nokre edderkoppar kan skifte farge?
Og visste du at dovendyr er raskare i vatn enn på land?
I desse faktabøkene kan ein lese morosame og overraskande fakta om blekksprut, edderkoppar og dovendyr. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Bøkene er skrivne og rikt illustrerte av Anna R. Folkestad.
Visste du at…? BLEKKSPRUT
Visste du at…? EDDERKOPP
Visste du at…? DOVENDYR er alle ein del av Samlagets serie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
"Eg håpar dette kan vera bøker som opnar for at barn blir fascinerte og kan finne ut meir om desse dyra på eiga hand. At bøkene blir ein døropnar både for lesing og for utforsking", fortel Folkestad.
Bøkene blir lanserte 29.05.
ANNA R. FOLKESTAD (f. 1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Besta og Bo. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris 2012 for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget. Folkestad er frå Stord.
Related links
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.