Gå videre til innhold
Marianne Grettberg Engedal har gitt ut fleire bøker på Samlaget, også under kunstarnamnet Skinkeape

Pressemelding —

Marianne Gretteberg Engedal får Teskjekjerringprisen 2026!

Vi gratulerer Marianne Gretteberg Engedal med Teskjekjerringprisen 2026!


Teskjekjerringprisen er ein del av Prøysenprisane og blir delt ut for "fremragende innsats innen musikk, visekunst eller diktning innenfor de genrene som forbindes med Alf Prøysen. Prisen tildeles skapende eller utøvende kunstnere, eller til oppmuntring for unge talenter."

I grunngjevinga frå juryen står det:

Årets vinnar har denne eigenskapen: å lage bøker ein vil flytte inn i, lese om att og om att, studere kvar illustrasjon grundig og med eit smil om munnen, oppdage nye ting for kvar gong, bli rørt, overraska, le litt, kjenne seg igjen, lære noko om andre sine kjensler eller plutseleg oppdage at bilar har sko i staden for hjul eller at eller at ei bestemor har veldig lange puppar.

Prisen i år er på mange måtar i Borghild Rud si ånd, for kva hadde vel dei fyrste norske bøkene om Teskjekjerringa vore utan dei nydelege illustrasjonane til Borghild Rud? Årets vinnar av Teskjekjerringprisen har akkurat denne eigenskapen i sitt litterære virke og ikkje minst i sitt kunstnariske virke. Ho er både ein glitrande forfattar og ein unik illustratør!

Marianne, aka Skinkeape, har også illustrert mange dyktige forfattarar sine bøker. Høgkvalitets barnebøker med brei tematisk spennvidde frå humoristiske oppfinnarforteljingar Bøkene dekker eventyr, natur, teknologi, dans og familierelasjonar og appellerer til både born og vaksne.

Marianne gjer verda litt rarare, meir fargerik, morosamare og inkluderande akkurat i ei tid der vi treng det som mest.

Engedal har gitt ut ei rekke bøker for Samlaget og andre forlag, som både forfattar og illustratør. Deriblant dei populære bøkene om tjuven Kjell, Polititjuven (2019), Pølsetjuven (2021) og Verdas rikaste tjuv (2023). Desse har ho blant anna vunne Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris for. I fjor vart ho nominert til Brageprisen for Fugler du kan ha møtt (Aschehoug).

I år er ho aktuell med Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen, ei morosam bildebok om einsemd, frykt og farleg god sopp.

Prøysenprisane vart delt ut i Kulturkirken Jakob i Oslo måndag 23. november. Kvar av prisane består av ein sølvplakett med innfelt minnemedalje, samt kr 25.000,-.

Tidlegare vinnarar av Teskjekjerringprisen er blant anna samlagsforfattarane Maria Parr og Kari Stai.


Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen og har gitt ut ei rekke kritikarroste bildebøker.

Relaterte lenker

Emner

Regions


Samlaget gir ut skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og fakta, og faglitteratur for studentar i høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 02. september 2026 kl. 14.09.57-8.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1600 x 900, 1.44 MB
    Last ned
  • Portrett Marianne Engedal
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4480 x 6720, 19.7 MB
    Last ned
  • Teskjekjerringprisen går til Marianne Gretteberg EngedalPrøysenprisen.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2560 x 1707, 171 KB
    Last ned

Relatert innhold