Gå videre til innhold

Pressemelding

Monica Laupsa debuterer med ein engasjerande fotballroman for ungdom

Førstetouch er ein engasjerande debutroman om fotball, forelsking og fordommar

Monica Laupsa debuterer med ungdomsromanen Førstetouch, ein engasjerande roman om draumen om å bli fotballproff, den første forelskinga og fordommar. Det viktigaste i livet til Tuva er fotball. Ho går siste året på ungdomsskulen, og draumen hennar er å koma inn på toppidrettsgymnaset og få skikkeleg keepertrening. Alt ligg til rette for det, heilt til Sara begynner i klassen. Det er noko ved den nye jenta, og når Sara set auga i Tuva på fotballbanen, mistar ho heilt fokus. Tuva fell pladask, men kva er det eigentleg Sara vil med Tuva?

Om boka seier Laupsa til forlaget: «Eg har skrive boka eg sjølv mangla då eg vaks opp. Livet mitt som barn og ungdom handla stort sett om fotball, men likevel var det nesten umogleg å finne ei fotballbok om jenter. Eg håpar Førstetouch kan inspirere unge til å drøyme stort og tørre å vera seg sjølv.»

Monica Laupsa (f. 1995) kjem frå Stord og er busett i Danmark. Laupsa er utdanna pedagog og jobbar i barnehage. Førstetouch er debutboka hennar.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • PRM framsidebilde-3.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    1920 x 1080, 2.19 MB
    Last ned
  • BRUK DETTE(c)Michael Madsen-kopi.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2646 x 3969, 2.54 MB
    Last ned
  • 9788234014291_Førstetouch.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2480, 780 KB
    Last ned