Pressemelding —
Samlagets barnebokforfattarar reiser Europa rundt
Sigmund Løvåsen, Hilde Myklebust og debutant Monica Laupsa skal ut i det store utland
Flaumen av Sigmund Løvåsen handlar om ein tusenårsflaum, ein vill redningsaksjon og sjarmerande overmot. Det er forlaget Fischer Sauerländer som har sikra seg dei tyske omsetjarrettane. Barne- og ungdomsbokredaktør i forlaget, Kerstin Behnken, skriv i ein e-post til forlaget: «Då eg byrja å lese Flaumen, vart eg straks hekta og måtte lese boka ferdig i eitt strekk. Ho tek opp klimaendringar og naturkatastrofar, men blir aldri for mørk. Sigmund Løvåsen balanserer på meisterleg vis alvoret og den eksistensielle trusselen i situasjonen med humoristiske innslag og herleg særeigne karakterar. Han understrekar kor viktig vennskap, meistringstru og samhald er i vanskelege tider – og gjer det med stor varme. Unge lesarar vil elske det ville eventyret, samtidig som dei får oppleve kor viktig det er å vere oppfinnsam og modig.» Boka skal ut på tysk våren 2028.
Hilde Myklebust har gjort suksess i Tyskland med ungdomsromanen Splintra. Boka vart nominert til den prestisjefulle Buxtehuder Bulle tidlegare i år, og Myklebust har gjesta fleire litteraturfestivalar i Tyskland. No følgjer forlaget Carlsen opp med Myklebust sin nye roman for ungdom, Ingen kan nå oss, som er nett lansert her heime.
Tidlegare i haust lanserte Samlaget ungdomsromanen Førstetouch av debutant Monica Laupsa, ei engasjerande bok om fotball, forelsking og fordommar. No har forlaget Turbine sikra seg dei danske rettane til boka.
Det er Samlagets forlagsagentur Saga Literary Agency som handsamar rettigheitssala.
Emner
Kategorier
Regions
Samlaget gir ut skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og fakta, og faglitteratur for studentar i høgare utdanning.