Alfred Fidjestøl med ny bok om dei som endra Noreg
Alfred Fidjestøl kjem med den første boka om Askerkretsen; Frå Asker til Eden. Askerkretsen 1897 - 1924. Lansering 18.9.
Alfred Fidjestøl kjem med den første boka om Askerkretsen; Frå Asker til Eden. Askerkretsen 1897 - 1924. Lansering 18.9.
I den nye boka Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot losar Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst.
I "Pusteproblem" følgjer vi ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt, som svik seg sjølv og dei ho er glad i. Marita Liabø skriv overtydande og nådelaust om lyst, skam og sjølvbedrag.
Gunnar Garfors har vore i alle land i verda og 18. september kjem reiseboka hans "198. Mi reise til alle verdas land".
I vår kom den siste romanen i i kjærleikstrilogien til Jon Fosse. No er dei samla i eitt band. I "Andvake" "Olavs draumar" og "Kveldsvævd" følgjer vi spelemannen Asle og kjærasten Alida, to elskande som prøver å finne sin stad i verda.
No kjem oppfølgjaren til "Strikk til nøstebarn" frå 2007: Kathrine Gregersen har utvikla nye oppskrifter og laga boka "Strikk meir til nøstebarn". Ingen av oppskriftene er publiserte tidlegare. Plagga er også denne gongen prega av begeistringa for det enkle og praktiske. Gregersen likar fine og gode bruksplagg som er enkle og artige å strikke.
Lars Mæhles nye krimbok, "Linnés dystre lærdom", er selt til det tyske forlaget, UIlstein Verlag, som blant anna gir ut Jo Nesbø og Liza Marklund sine bøker. Førsteboka i serien om psykolog og kickboksar Ina Grieg "Den mørke porten" er også selt til det same forlaget.
Politihunden Falk på farleg oppdrag: Ei ny lettlesen og spennande bok om politihunden Falk og politidama hans, Hanne. Denne gongen må dei ut på leiting etter 11-åringen Mathias. Han er forsvunnen i løpet av natta, og Falk og Hanne må leite etter spor i snøkavet. Kan Mathias vere kidnappa? Dette oppdraget kan bli farleg!
Siri kan berre ikkje la vere å møte Andreas som sender henne meldingar som får det til å krible i henne, sjølv om ho er kjærast med Jens.Har ein lov til å gjere det slutt med nokon som har det vanskeleg, sjølv om ein eigentleg vil?
Les om m.a. einsemd, klima, og mangelen på sinte politikarar i ny utgåve av Syn og Segn
3.14.
Les meir om dette:
EMNE: Einsemd er kanskje eit av dei siste tabua i samfunnet
vårt i dag og fortener derfor eit nærmare blikk. Steinar Opstad, Lars Fr.H.
Svendsen og ein anonym skribent ser på einsemda frå ulike synsvinklar.
SAMTALEN: «Sist gong eg fylte bensin, måtte eg betale 900
kroner f
Forlaget Vild Maskine har kjøpt Jan Roar Leikvolls siste roman, Songfuglen for utgjeving i Danmark. Dette er første gong eit utanlandsk forlag kjøper ein av romanane hans. Boka kjem ut i Danmark i 2015. Det er Hagen Agency som er utanlandsagent for Leikvolls bøker.
Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. I 2012 fekk ho både Bohandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend. For den førre romanen sin, Bli