Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Kultpoet Ariana Reines er ute med diktsamlinga "Coeur de Lion"

    Den amerikanske kultpoeten Ariana Reines er for første gong ute på norsk. Coeur de Lion er eit rått og intenst langdikt skrive kort tid etter eit kjærleiksbrot. Teksten er framleis varm av begjæret, men er samstundes lærd, skarp og intellektuell.
    Reines skriv beinhardt og generøst, og legg ingenting imellom, verken for seg sjølv eller lesaren: Dette er ei bok som tilstår alt. Ho er både von

  • Kristina Leganger Iversen ute med ny roman, "I ringane"

    LANSERINGSFEST PÅ MONO, OSLO, 23.4. KL 1930
    I ringane er ei forteljing om identitet, kjønn og makt: Om kroppen som grense for alt vi kan bli, og alt vi kan vere. Kristina Leganger Iversen skriv urovekkjande og eksplosivt om tema som ansvar, fridom og leik, og om valden som kviler over alt som ein skugge.
    Jo ligg på baderomsgolvet under ein heimeabort. Korleis hamna ho her? Korleis kunn

  • Faktabok for barn klimaendringar "Når det regnar i Afrika"

    Erna Olslands nye faktabok for barn, "Når det regnar i Afrika" tek for seg meteorologi og klimaendringar.
    Korleis blir vêret til? Kvar kjem vindane frå? Kvifor får hagl racerfart, og kvifor i alle dagar regnar det? Dette er ei bok om vêr, men også ei bok om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han. For det kjem vel, om det i

  • Ros til Maria Parr i USA

    Nylig kom Maria Parrs barnebok Vaffelhjarte (Adventures with Waffles) ut til svært positive meldingar i USA. Det prestisjetunge litterære tidsskriftet Kirkus skriv m.a. at romanen er «Fylt med både lystige eskapadar og gripande augneblikk", og at «Parr fortel ei særmerkt historie om kor inderleg en gut set pris på familie og vener». Vaffelhjarte vart nylig selt for utgiving i Latvia, som er det 26

  • Magnhild Bruheim med ny spenningsbok for barn; "Hyttemysteriet"

    Stian oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen, der det ein gong skjedde eit mord, som ikkje vart oppklart. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?
    Stian og Stine er stesøsken som nettopp har blitt del av ein ny familie. Saman er dei gode til å løyse myster

  • Marit Kaldhol aktuell med ungdomsromanen "Zweet"

    Alarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. 10. klassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjon på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje? Susan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Rube

  • Gaute M. Sortland klar med ny bok, "Fotturar i Norge"

    Gaute M. Sortlands nye kortprosasamling kretsar om kvardagen i alle fasettar, frå små, daglegdagse glimt til meir dramatiske hendingar av livsendrande karakter. Det handlar om einsemd og kjærleik, og familie, barn og om nye møte. Tekstane spenner frå små dikt via lengre anekdotar og forteljingar og til kartlegging av heile livsløp. Felles for alle tekstane er likevel den gjenkjennelege vekslinga m

  • Åshild Ulstrup med ny bok om heimbygd og oppvekst; "Galskap og eventyr"

    For 63 år sidan reiste Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har Oslo vore heimstaden hennar. I erindringsboka Galskap og eventyr går Ulstrup tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører.
    Ho som sjølv gjennom eit langt journalistliv har fått både gamle og unge i tale, fått dei til å opna seg, snakka om livet, om drauma

  • Veronika Erstad debuterer med diktsamling

    "Eg er så nær morgonen eg kan kome": I denne samlinga blir vi tekne med til eit draumeaktig landskap der ei enkel scene blir etablert: To hus i ein skog ved havet, og to naboar.

  • Ny samtalebok: Eskil Skjeldal og Jon Fosse om mysteriet i trua

    I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom skrivinga. Han har vore oppteken av gnostisisme, kristen mystikk og har kjent seg nær kvekarrørsla, men er no altså katolikk. Kva har skjedd?

Vis mer