Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Samlaget gir ut "Nynorsk litteraturhistorie" i 2018

    I samband med Det Norske Samlagets 150-årsjubileum i 2018 gir forlaget ut Nynorsk litteraturhistorie. Forfattar og professor Jan Inge Sørbø er hyrt inn til oppdraget.
    Prosjektet Nynorsk litteraturhistorie tek sikte på å framstilla den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen og opp til samtida som ei, samanhengande forteljing.
    Sørbø er professor i litteratur og sosialfag og har gjeve ut 22 bøker

  • NYNORSK KVINNEKRAFT PÅ LITTERATURHUSET I OSLO 8. MARS

    Forfattarane Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug i møte med Kjartan Fløgstad. HKH Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades på arrangementet.

  • Årets fyrste utgåve av Syn og Segn er på marknaden!

    I den fyrste utgåva i 2016 kan du lese og lære meir om mellom anna:
    USA: Korleis fungerer det amerikanske valsystemet i dag? Kva nye politiske og økonomiske utfordringar står USA overfor? Og kven blir eigentleg den neste presidenten i landet? Hans Olav Lahlum, Ebba Boye og Are Tågvold Flaten tek eit blikk på det amerikanske samfunnet og valkampen frå ulike synsvinklar.
    SAMTALEN: Terroristane

  • Bjørn T. Bøe debuterer med "Det er ein ELEFANT i barnehagen"

    Bjørn T. Bøe debuterer som barnebokforfattar med ei forteljing om å la seg rive med av fantasien og ikkje la kvardagen stå i vegen for leik og magi.
    Bøe meiner bestemd at vaksne har eit og anna å lære av barna og deira evne til å la fantasien leve.
    - Barn har ei eineståande evne til å sjå magien i kvardagen. Men sjølv om dei vaksne i boka ikkje klarar å la seg riva like godt med som Maren, s

  • "Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut i Danmark

    Agnes Ravatns gjennombrotsroman frå 2013, Fugletribunalet, er selt til det danske forlaget Batzer og co som frå før gir ut m.a. Jon Fosse, Tomas Espedal og Ingvild Rishøi. Fugletribunalet vert denne våren lansert i den engelske marknaden og har også kome ut på russisk, tysk, serbisk og litauisk. Nylig vart det også selt filmopsjon på boka, til Hummelfilm AS. 
    "Fugletribunalet" fekk strålande me

  • "M Train" av Patti Smith ute på norsk

    M Train av Patti Smith tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før.
    Ho inviterer oss inn i sin New York-kvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt

  • Elena Ferrantes Napoli-kvartett blir tv-serie

    Dei italienske produksjonsselskapa Fandango og Wildside står bak serien, og  Elena Ferrante er sjølv involvert i produksjonen. Fandango har tidligare produsert tv-serien som er basert på Roberto Savianos bok Gomorrah. Det er enno ikkje kjent når tv-serien vil ha premiere. 
    -Dette er romanar som bed om å bli filmatiserte. Den sterke historia, miljøskildringane og dei særs interessante karakteran

Vis mer