Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Ny bok frå innsida av PSTs livvaktteneste

    Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. I den nye boka Livvakt. På innsida av PST tek NRK-journalist Simon Solheim oss med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi får følgje livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. Vi får innblikk i trusselbiletet og den vanskelege jobben med å

  • Ny roman tematiserer det nye arbeidslivet i Europa; "Ho er fri" av Ingvild Holvik.

    I den nye romanen Ho er fri  skriv Ingvild Holvik med det nye arbeidslivet i Europa som ramme. Ein kvardag som gjer at familiar vert splitta og lever usikre jobbliv på ulike kantar av kontinentet.
    Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige

  • Gunnar Grytås med ny bok om krigsforlis på norskekysten

    Forfattar Gunnar Grytås meiner den nasjonale forteljinga om dei store tapa i heimeflåten, og dei sivile redningsaksjonane, må fram i lyset.
    Dødsleia og livsnerven er ei skakande forteljing om tapet av 1300 norske sjøfolk, passasjerar og fiskarar i heimeflåten under den andre verdskrigen. Skipsleia var ein av dei farlegaste stadane for sivile nordmenn frå 1940 til 1945, men samstundes ein viktig

  • Bår Stenvik med barnebok om oppfinningar

    Med boka Ti utrulege oppfinningar set Stenvik i gang samtalar om dei sentrale oppfinningane i vår tid – og kva som kjenneteiknar god og dårleg innovasjon.
    For kva har atombomba, p-pilla og like-knappen til felles? Jo, dei forandra verda rundt seg. Det same gjorde oppfinningar som lyspæra, antibiotika, oppvaskmaskina og det skotsikre stoffet kevlar.
    Saman med den prislønte illustratøren Rune

  • Oktoberspenning frå Selma Lønning Aarø

    Bergtatt byr på forelsking, mystikk og drama.
    I den nye klassen til Leo sit ei jente med grøne augo for seg sjølv heilt bakarst. Det er noko med augo hennar som gjer at han heile tida lengtar etter henne. Kven er ho? Kvifor går ho kledd så annleis, og kvifor luktar ho myr og skog?
    Snart viser det seg at jenta også er interessert i Leo. Men før han kan få henne, må han gjere noko grufullt, no

  • Noveller om menneske som ikkje får det heilt til

    Laura Djupvik skriv i novellesamlinga No fær huset om menneske som ikkje får det heilt til.
    Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor informativ nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet u

  • Atle Hansen aktuell med ny ungdomsgrøssar

    Eg har venta på deg er siste tilskot til Grøss og gru-serien.
    Simon gler seg til å ro ut for å fiska. Men kven er det som plutseleg ropar på han? Er det den mystiske jenta han møter på kafeen? Ho folk seier han skal halda seg vekke frå? Eller er det Den svarte enka? Ho som sit på stranda og ventar på kjærasten som forsvann på havet for lenge sidan?
    Eg har venta på deg er ei lettlest og driva

  • Agnes Ravatn vinn Bokbloggarprisen for andre gong

    Forfattaren er med det den fyrste til å vinne prisen to gonger, no for romanen Dei sju dørene.
    «Ravatn skriver med intelligens og humor, hennes satiriske skråblikk som vi kjenner fra de andre bøkene hennes, er absolutt tilstede», lyder grunngjevinga frå bokbloggar Tine Sundal. Ho er ein av mange bokbloggarar landet rundt, som har nominert sine favorittbøker frå 2019.
    Bokbloggarprisen har sid

  • Brageprisnominerte Harald Nortun med ny barnebok

    Barneromanen Spådama i 7B tek for seg fordommar og førsteinntrykk i klasserommet.
    Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå?
    Spådama i 7B handlar om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk, og om kor

  • Jan Olav Gatland hentar fram banebrytande rikspornograf i ny bok

    Eit underhaldande portrett av ein av våre mest radikale folkeopplysarar, som hadde seksualitet, openheit og kulturkamp på agendaen.
    I Lars Berg: Rikspornograf og kulturforkjempar tek Gatland oss med på ei reise frå Lars Bergs oppvekst på fiskebåt i Tromsø, til eit tilvære som musikkglad lærar og grunnleggjar av Hålogaland teater, og mest sentralt: som forfattar i Oslos kulturradikale miljø. Med

  • Elena Ferrantes nye roman rett inn på bestseljarlista

    Elena Ferrantes nye roman Dei vaksnes løgnaktige liv gjekk rett inn på andreplass på bestseljarlista denne veka. Boka hadde verdslansering i 28 land samstundes 1. september. Boka gjekk også rett inn på andreplassen på NY Times bestseljarliste denne veka. 
    Boka har fått formidable kritikkar både i Noreg og internasjonalt. Romanen er Ferrantes første etter den enorme suksessen Napoli-kvartetten s

  • Rage aktuell med roman om venskap og heimebrent

    God venskap, ei rifle og store mengder heimebrent.
    Tre vener skal preika skit og drikka sprit og spela Playstation for alltid, og det skal ingenting få øydeleggja. Men så skjer ein dum ting, nemleg at to av venene greier å skyta hovudet av den tredje og berre med eit naudskrik greier å lappa han saman att ved å ty til det dei har for handa, som er ein gammal båtradio. Dette fungerer fram til de

Vis mer