Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn
Dypvik er historikar og kjem frå stilling som journalist i Nationen. Ho har brei redaksjonell erfaring frå mellom anna Dagbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Morgenbladet, i tillegg til eit prislønna forfattarskap som mellom anna omfattar sakprosabøkene Berlinhistorier – kald krig i den delte byen og Det var DDR – forteljingar om eit nedlagt land.
- Syn og Segn er ein viktig arena å få nye stem