Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Meir enn ei dobling av lettlesbøker på nynorsk

    I dag lanserer Samlaget atten nye Leseland-titlar, noko som gir ei dobling av det totale talet på lettlesbøker på nynorsk sidan 2014. Leseland tel no totalt trettifire titlar med tilhøyrande appar/berika ebøker. Det kjem nye titlar kvart år framover.
    Før Samlaget etablerte lettlesuniverset Leseland i 2014 hadde ein berre tjuefem lettlesbøker på nynorsk å velje mellom. Og det var ein urovekkan

  • Jon Fosse med ny diktsamling inspirert av Henrik Wergeland

    I si nye diktsamling "Poesiar. Etter Henrik Wergeland" har Fosse skrive dikt inspirert av den tidlegare Grottebuaren.
    Då Fosse i 2011 flytta inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturinteresserte nordmenn flest. Han gjekk i gang med å lese tekstar både om og av Wergeland. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg v

  • Patti Smith, Jon Fosse og Elena Ferrante på Samlagets vårliste

    Jon Fosse er klar med ny diktsamling 22.1. "Poesiar. Etter Henrik Wergeland", der han går i dialog med den tidlegare Grotte-buaren Wergeland sine dikt. Patti Smiths oppfølgjar til memoarboka "Just kids", "M Train", er klar på norsk 20.2., i Brit Bildøens omsetjing. 
    1.3. kjem Elena Ferrantes tredje bok i Napoli-kvartetten på norsk, "Dei som flyktar og dei som blir igjen". Ferrante har tatt nor

  • Herborg Kråkeviks "Juleroser" ute i 40 000 eksemplar

    -Vi opplever ein enorm respons frå lesarar og salsledd på det nye juleheftet Juleroser, seier forlagssjef i Samlaget Håkon Kolmannskog. Alle dei 40 000 trykte eksemplara er no ute i marknaden. Sjølv om lageret er tomt, finns Juleroser framleis å få tak i der julehefter vert selt rundt i landet. Denne nye utgåva av Juleroser kjem ut for første gong i år, og er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmo

  • Brages heiderspris til Einar Økland

    Einar Økland har fått Brages heiderspris for sin samla forfattarskap.
    Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. 
    Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Kritikerprisen for barne- og ungdomslitteratur, Kultur- og kirkedepartementets billedbokpris, Aschehougprisen,

  • Språkprisen 2015 til Einar Økland

    Forfattaren Einar Økland får Språkprisen 2015. Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Årets prisvinnar har ei sjeldan breidde og vinn prisen for dei to siste bøkene Norske malebøker og artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar.

  • Juleroser frå Herborg Kråkevik

    Herborg Kråkevik er redaktør for det nye juleheftet Juleroser. Med på laget som bidragsytarar har ho fått nokre av våre fremste forfattarar og biletkunstnarar mellom anna Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Vigdis Hjorth, Agnes Ravatn, Odd Nordstoga og Ørnulf Opdahl.
    Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Kråkevik vaks sjølv opp med det

  • Blix-prisen til Sissel Horndal

    Forfattar Sissel Horndal får Blix-prisen 2015 for den barnelitterære forfattarskapen sin. 
    Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv

  • Ny jubileumsbok om Norsk Kulturråd "Eit eige rom. Norsk Kulturråd 1965 - 2015"

    Den nye, uavhengige jubileumsboka om Norsk Kulturråd, Eit eige rom. Norsk Kulturråd 1965 - 2015 av Alfred Fidjestøl vert lansert tysdag 3.11. med eit dagseminar på Litteraturhuset i Oslo. Fidjestøl deltek også på Kulturrådets årskonferanse 4.11. i Harstad.
    Fidjestøl viser i boka at historia om Norsk kulturråd er ei historie om framvoksteren av det moderne Noreg. Om t.d. frykta for fjernsynet o

  • Nordisk Råds Litteraturpris til Jon Fosse

    Fosse fekk i kveld den prestisjefulle prisen for første gong, for Trilogien (Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd). Han tok sjølv imot prisen i Reykjavik.
    Fosse seier dette om tildelinga: 
    -Eg er svært takksam for å få Nordisk råds litteraturpris. Eg har fått mange prisar, men dei fleste for dramatikken eller for ålment forfattarskap. Sjølv meiner eg at eg er like mykje prosaist som dramatik

  • Samlaget gir ut "M Train" av Patti Smith 1. februar

    Samlaget gir ut M Train av Patti Smith 1. februar. Memorarboka vert omsett av Brit Bildøen som også stod bak omsetjinga av Just Kids av Smith. M Train er ei personleg bok om reiser, inspirasjon, litteratur, krimseriar og fotografi.  Smith sjølv kallar boka “eit vegkart over livet mitt”. Ho reflekterer over kunsten og livet, side om side med minne om livet i Michigan og tapet av ektemannen, gitari

  • Elena Ferrante rett inn på bestseljarlista

    Elena Ferrantes bok to i Napoli-kvartetten er nett ute på norsk, Historia om det nye namnet. Boka gjekk rett inn på tredjeplass på den norske bestseljarlista for skjønnlitteratur denne veka. Historia om det nye namnet får toppkarakterar av eit samla norsk kritikarkorps, og Napoli-kvartetten vert plassert blant dei beste romanutgjevingane i verda i dag. 
    Dei to neste bøkene i serien kjem i mars

  • Melsomprisen til Siri Helle og Anna Kleiva

    Melsomprisen 2015 går til Siri Helle for boka Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks (Samlaget 2014), medan Anna Kleiva får prisen for diktsamlinga Vårar seinare (Forlaget Oktober 2014). 
    Helle og Kleiva 20.000 kroner kvar i prispengar.
    Kvart år deler Litteraturselskapet Det Norske Samlaget ut Melsomprisen under Litteratursymposiet i Odda, som i år går føre seg frå 7.-11.okt

  • PJ Harvey bokdebuterer med "Den opne handa"

    PJ Harvey og fotograf Seamus Murphy er aktuell med boka Den opne handa (The Hollow of the Hand) som kjem ut samstundes i m.a. USA, Storbritannia, India, Australia, Mexico og Noreg 10.10. Boka er gjendikta til norsk av Pedro Carmona Alvarez og Gunnhild Øyehaug.
    Store publikumsarrangement om boka på Litteraturhuset i Oslo 26.10. og Litteraturhuset i Bergen 27.10. med Øyehaug og Carmona Alvarez,

Vis mer