Jan H. Landro med ny bok; "Frå Nora til Karl Ove og 84 andre personar i norsk litteratur"
Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro portretterer og skildrar korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i nokre av dei beste norske bøkene gjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar».
Her får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Askeladden, Wergelands Stella og Petter Dass. Du kan