Gå videre til innhold

Emner: Kultur

  • Terje Torkildsen ute med ny ungdomsroman

    Kan det vere livsfarleg å bli forelska?
    Carlo trekkjer pusten og fyller lungene med frisk sjøluft. Strekkjer ut armane og smiler mot alt og alle. Skjøner ikkje kva som ventar han. Veit ikkje betre. Aner ikkje at denne vesle øya langt ute i Atlanterhavet vil forandra livet hans for alltid. Om fem dagar vil alt vera annleis.
    Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si

  • Utanlandssuksess for norsk bok om mørket

    Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse slår stort an i utlandet. Agenturet til Sandberg, Winje Agency melder at boka er selt til Tyskland, Nederland, Polen og Italia. Fleire land og språk står for tur. 
    I boka skriv Sandberg om mørket som er like viktig som det naturlege lyset, for oss menneske, dyr og alt som lever.
    Meir om boka: Vinteren i Noreg er lang og svart

  • Ny bok; "Stress og korleis leve med det"

    I den nye boka Stress og korleis leve med det undersøker journalist og forfattar Anne Gunn Halvorsen kvifor  vi er så stressa, og kva kan vi gjere med det.
    Stressfest/lanseringsfest 3.4. kl 18 på Bortenfor, Brenneriveien 7.
    Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det (2017), har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor

  • Napoliforfattar Wanda Marasco aktuell på norsk med "Kompaniet av dikta sjeler"

    Den italienske, kritikarroste forfattaren Wanda Marasco er aktuell på norsk med romanen Kompaniet av dikta sjeler,  omsett av Ferrante-omsetjar Kristin Sørsdal.
    Wanda Marasco kjem til Bergen og Oslo til lanseringa i perioden 27.-29.3.
    Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett

  • Marianne Gretteberg Engedal debuterer med "Pølsetjuven"

    Hjartevarm biletbok om å finne sin plass i verda
    Eg kan ikkje vere med, sa Kjell.
    Tull, du har ikkje feber, sa mor.Men eg har vondt i magen.Du er berre spent!Eg vil ikkje stele frå Pølse-Per, han er venen min!Ein sann tjuv må kunne stele frå kven som helst!
    Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Ein dag må han stele frå vennen sin, Pølse-Per.
    Pøls

  • Ny utgåve av Syn og Segn

    Frå målarkunst til måtehald
    I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med kunstnar Håkon Gullvåg, tekstar om overkvalifisering, Jemen, klimaverstingar, folkekyrkja og amerikanorsk. Og mykje meir. 
    BYMANNEN: Hyttekultur dreier seg om meir enn dyre hytter og statusjag. Det dreier seg om noko som stikk endå djupare: om tilknyting, om å høyre til. Felles for mange av dei som får se

  • Jon Fosse har gjendikta Georg Trakl

    Jon Fosse har gjendikta den austerriske lyrikaren Georg Trakls hovudverk Sebastian i draum. Trakl er rekna som ein av dei viktigaste tyskspråklege poetane og som den meste sentrale i den tyske ekspresjonismen.
    Trakl blei berre 27 år, og den litterære produksjonen omfattar berre to diktsamlingar, Gedichte frå 1913 og hovudverket Sebastian im Traum frå 1915, i tillegg til nokre einskilddikt. Forf

  • Ny novellesamling frå Oskar Stein Bjørlykke

    Oskar Stein Bjørlykkes nye bok Blikket består av seksten korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar av livet. Om lengten etter det som var, det som kunne ha blitt, etter det som gir meining og glede. Om meistringa ved å lære seg å sykla, kjensla av å bli sett, enkle gleder som smaken av jordbær, og gripande opplevingar som å finna eller mista kjærleik.
    det som vart gitt megik

  • Hjartet er ingen logrande hund

    Laura Djupvik er aktuell med romanen Hjartet er ingen logrande hund. Hovudpersonen i boka reiser heim til barndomsheimen for å pleie si dødssjuke mor. Ho kjenner på skamma over å ikkje ha klart å skape sitt eige liv. I møtet med sjukdom og død oppstår spørsmålet om kven ho er og vil vere. Kan ho konfrontere den religiøse faren? Kan ho frigjere seg frå fortida og igjen komme nær mannen ho elskar?

  • Fire nye titlar inn i Leseland

    Fire nye titlar inn i Leseland
    Bøkene er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
    Leseland har vore utgitt på Samlaget sidan hausten 2015 og består no av heile 71 titlar fordelte på 5 nivå.
    Mellom vårens bøker er to av dei nyskrivne norske forteljinga

  • Ny biografi om Magnhild Haalke, gløymd og glitrande forfattar

    Lanseringsarrangement på Tronsmo i Oslo  28.2. kl 17.
    Magnhild Folkvord er klar med biografi om den anerkjende, men gløymde forfattaren Magnhild Haalke (1885–1984). Haalke debuterte som forfattar med Allis sønn då ho var 50 år gammal. Ho hausta raskt stor anerkjenning – også utanlands – for den eineståande skildringa av den vesle guten som stilte underlege spørsmål og laga «rare» teikningar.

  • Ny debattbok om NATO, militærpolitikk og norsk USA-servilitet

    Lanseringsarrangement: Forfattar Jon Hellesnes i samtale med Kjartan Fløgstad om boka på Litteraturhuset i Oslo mandag 25.2. kl 1730. 
    Jon Hellesnes er aktuell med debattboka Natokomplekset. Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet. I boka argumenterer forfattaren for at under ei vernande skodde av hemmeleghald, uklar tale og semantisk forvirring er Solberg-regjeringa i ferd med å

  • Kritikarsuksess for fengsla forfattar

    Ahmet Altans "Eg får aldri sjå verda igjen" vert lansert på Bergen Internasjonale Litteraturfestival i morgon. Forfattaren og journalisten som sit fengsla i Tyrkisk fengsel har alt fått tre av tre moglege seksarar av norske kritikarar. Boka skildrar den poitiske situasjonen i landet, men gir også ei sterk, eksistensiell skildring av å sitje i fangenskap. 
    "Boka til Ahmet Altan er et meget sterk

  • Sultprisen til Maria Parr

    Sultprisen er delt ut til Maria Parr
    Parr er den første barnebokforfattaren som får denne gjeve prisen. Prisen er på 250 000 kr og blant tidlegare vinnarar finn vi Trude Marstein, Carl Frode Tiller og Hanne Ørstavik.
    I grunngjevinga skriv juryen mellom anna dette: 
    "Årets mottaker av Sultprisen er en utpreget historieforteller, en som vet å holde sitt publikum på kanten av stolen i spenni

  • Ny bok om det livsviktige mørket

    I si nye bok "Mørke. Stjerner. redsel og fem netter på Finse" skriv Sigri Sandberg om kor viktig mørket er, for oss menneske, dyr og alt som lever. 
    Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra

  • Ny bildebok frå Anna R. Folkestad

    Varmt om vennskap i fargerik forteljing
    Ulla og flokken leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne.
    Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken

  • ​Spektakulær finale i Cherub-serien!

    Spektakulær finale i Cherub-serien!
    Den tolvte og siste boka i CHERUB-serien er endeleg her
    Etter at ein tsunami fører til store øydeleggingar på ei tropeøy, sender guvernøren på øya inn bulldosarar for å jamne landsbyane med jorda og erstatte dei med luksushotell.
    I Monsterbølgja får James i oppdrag å vakte familien til den korrupte guvernøren, eit oppdrag han ikkje tykkjer noko om. Sams

  • Arild Rein med ny roman frå Stavangers skuggeside

    I Rotteland tek Arild Rein oss med til Stavanger og finansverda. Vi nærmar oss finanskrisa i 2008 i eit forrykande tempo. Storinvestoren Frank Hammer utnyttar alt og alle rundt seg. Ronny har begynt å tene store pengar i firmaet hans. I den illegale strippeklubben som Hammer, Ronny og kollegaene hans i St. Olav Invest frekventerer, arbeider Nadia som dansar. Nadia og Ronny vekslar på å føre ordet

  • Ny bok frå Elena Ferrante

    "Like altoppslukande som romanane..." The Guardian
    Ei heil verd har lese Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane. Frantumaglia, Tankar, brev og intervju er rike og kloke essayistiske tekstar og det næraste vi kjem verdsforfattaren.
    Boka tek oss med til arbeidsrommet til Elena Ferrante, ein kompromisslaus forfattar med ein alto

  • Brutalt og usentimentalt om å bli eldre

    Rønnaug Kleiva er aktuell med romanen Liljene på stranda der ho brutalt og usentimentalt utforskar det å bli eldre, døden og det svikefulle minnet. Ei norsk kvinne innleier eit forhold til ein eldre mann i Aten. Under eit opphald på den tidlegare fangeøya Makronissos, der mannen ein gong var internert, fortel dei kvarandre om liva sine. Sjølv er kvinna sikker på at det er mykje ho har gløymt, men

Vis mer